Internasjonalisering

Skulen jobbar med å legge til rette for ulike internasjonale læringsaktivitetar både på studieførebuande og yrkesfagleg utdanningsprogram. 

Gjennom  meir enn 20 år har skulesamarbeid på tvers av landegrenser, gjeve både elevar og tilsette eit internasjonalt og utvida læringsperspektiv.

Skuleåret 2025–2026

Jobbskygging i Spania, Azuqueca de Henares

Besøk ved IES San Isidro, Azuqueca de Henaresher sammen med rektor - Klikk for stort bileteBesøk ved IES San Isidro, her saman med rektor Erlend Lyngved

Kven var der?
Lærar Erlend Lyngved ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
April 2026

Kva gjorde han?
Erlend fekk innblikk i både det spanske utdanningssystemet og den spanske skulekvardagen.

Han såg at sjøl med ulike rammer, er mange av utfordringane dei same.

Les meir om opplevingane i Spania her

Støtte frå:
Erasmus+ 

Besøk frå Sverige, Åland

Johanna i lag med konditorar fra Ødegaarden Bakeri - Klikk for stort bileteJohanna under kyndig vegleiing fra konditor Ane og Merete frå Ødegaarden Bakeri Lene Sørbråten

Kven var her?
Lærar Joanna Salmén frå Ålands Yrkesgymnasium

Når?
Mars 2026

Kva gjorde dei? 
Joanna arbeider som lærar i kokkefaget, og har i løpet av opphaldet fått innsikt i bakar- og konditorfaget. På handverksbakeriet til Dølakjøtt har ho jobba i lag med kyndige bakarar og konditorar frå Spania.

Ho har òg vore på skulen vår og delteke i undervisninga på restaurant- og matfag. Saman med elevar og faglærar Maria har ho lært modellering og teknikkar med marsipan og sjokolade.  

Les meir om da Joanna frå Åland var på jobbskygging hos oss

Støtte frå:
Erasmus+

Tyskland, Buxtehude og Hamburg

Sykkel som transportmiddel  - Klikk for stort bileteElevane på sykkeltur til ein økologisk eplegarden Dirk Wolf

Kven var der?
Ti Vg2-elevar frå studiespesialiserande og idrettsfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
Mars 2026

Kva gjorde dei? 
Elevane fekk innblikk i korleis tyske elevar jobber med miljøtema i faga sine, og var med i både undervisning, praktiske oppgåver og ulike aktivitetar i Buxtehude og Hamburg.

Elevane blei utfordra til å reflektere over kva berekraft betyr i praksis, korleis språk brukast i nye situasjonar, og korleis kulturforskjellar og likheiter kan diskuterast på ein respektfull og nysgjerrig måte. 

Les meir om turen til Tyskland her

Støtte frå:
Erasmus+

Besøk frå Danmark, Herning

To elevar som sit ved ein stor pult og jobbar. - Klikk for stort bileteKaren og Thea frå Social- og Sundhedsskolen i Herning i Danmark. Nord-Gudbrandsdal vgs

Kven var her?
Elevane Karen og Thea frå Social- og Sundhedsskolen i Herning i Danmark

Når?
Mars 2026

Kva gjorde dei? 
Karen og Thea gjennomførte eit månadslangt praksisopphald i Otta barnehage. Dei utdannar seg til pedagogiske assistentar, og vil etter fullført utdanning kunne arbeide i barnehage og på småskuletrinnet.

Dei besøkte også skulen, og tok del i både teoretiske undervisningsøkter og praktiske læringsaktivitetar saman med klassane, noko som bidrog til fagleg fordjuping og erfaringsutveksling.

Les meir om besøket frå Social- og Sundhedsskolen i Danmark

Støtte frå:
Erasmus+

Danmark, Skjern

Elever og lærere på bedriftsbesøk i Danmark - Klikk for stort bileteElever på bedriftsbesøk hos J. M. Jensen i Skjern Emil Damstuen

Kven var der?
Vg2 Transport og logistikk ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
November 2025 

Kva gjorde dei? 
Turen inneheldt både skulebesøk og fleire bedriftsbesøk i nærområdet. Føremålet med turen var å sjå det danske yrkesutdanningssystemet, og å lære meir om godslogistikk nærare kontinentet.

Les meir om turen til Danmark her

Støtte frå:
Erasmus+

Danmark, Herning

Elevar som står utanfor inngangen til eit skulebygg. - Klikk for stort bileteElevane var på besøk på Social- og Sundhedsskolen. Nord-Gudbrandsdal vgs

Kven var der?
Heile Vg1 helse- og oppvekstfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
November 2025 

Kva gjorde dei? 
Elevane var fire dagar i Herning i Danmark for å besøke Social- og Sundhedsskolen og Aktiv Centret.

Formålet med turen var å bli kjend med det danske skulesystemet og å få delta aktivt i undervisning saman med danske medelevar.

Støtte frå:
Erasmus+

Prosjekt KNiT24: Korleis få fleire til å jobbe med mat og reiseliv?

Signe S. Storødegård og Lene Sørbråten holder eit dokument med skulen i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteProsjektleder KNiT24 og avdelingsleder ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Signe S. Storødegård og prosjektkoordinator KNiT24 og lektor ved samme skule Lene Sørbråten. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Samarbeidsprosjekt
Prosjektet er eit samarbeid med UCN Ålborg i Danmark og Ålands yrkesgymnasium i Sverige.  

Kven jobbar med det?
Prosjektet blir koordinert av Ung i reiselivet, ei gruppe som består av Nord-Gudbrandsdal vgs, Opplæringskontoret Gudbrandsdalen, Opplæringskontoret Brimi-kjøken, Gudbrandsdalsmat og den lokale mat- og reiselivsbransjen.

Kva gjer dei? 
I løpet av tre år skal dei kartlegge og søke innsikt og kunnskap om korleis ein kan auke rekrutteringa til mat- og reiselivsbransjen og utvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv. Arbeidet er ein del av Keen and New in Tourism (KNiT24).

Les meir om prosjektet her

Støtte frå:
Erasmus+

Besøk frå Finland, Åbo

Oppstilte elevar utomhus - Klikk for stort bileteAlle elevane Lene Sørbråten

Kven var her?
Elevar frå reiseliv og språk 

Når?
September 2025

Kva gjorde dei? 
Fem månader tidligare var elevar frå Nord-Gudbrandsdal vgs i Pemar, nær Åbo. No var dei finske elevane sin tur til å kome hit. 

Elevane ved Nord-Gudbrandsdal vgs sto for planlegginga og gjennomføringa av besøket. Dei finske elevane blei tatt med på besøk til fleire ulike bedrifter som er oppteke av sosial berekraft, i Heidal, Sjodalen, Lemonsjøen og Vågå.

Les meir om besøket frå Finland her

Støtte frå:
Nordplus Junior og Foreningen Norden i Sel kommune

Finland, Åbo

Elevar som held kvarandre i hendene - Klikk for stort bileteElevane på besøk i Finland

Kven var der?
Elevar frå reiseliv og språk ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
September 2025

Kva gjorde dei? 
Under opphaldet møtte dei samarbeids­skulen Pemar Lukio nær Åbo, og fekk oppleve både finsk kultur, språk og reiseliv på nært hald. 

Gjennom prosjektet Min servicebedrift arbeidde elevane med berekraft, gjenbruk og entreprenørskap, og fekk praktisk erfaring som reiseleiarar på turen vidare til Helsingfors.

Les meir om turen til Finland her

Støtte frå:
Nordplus Junior

Skuleåret 2024–2025

Spania, Madrid

Elevar som sit foran ei fontene i Madrid. - Klikk for stort bileteElevar og lærar på storbyvandring i Madrid

Kven var der?
Elevar frå helserbeidarfag og barne- og ungdomsarbeiderfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
Mars/april 2025

Kva gjorde dei?
Elevane var i Alcalá de Henares utanfor Madrid. Helsefag-elevane fekk praksis på institusjoner, mens elevane frå barne- og ungdomsarbeiderfag jobba på ein barneskule. Erfaringane ga innsikt i spansk skule- og helsekvardag, og verdifull læring på tvers av kulturar.

Her kan du lese reisebreva: 
Første uka - uke 13/2025
Andre uka - uke 14/2025

Støtte frå:
Erasmus+

Jobbskygging i Spania, Madrid

Fire vaksne personar i eit klasserom - Klikk for stort bileteDei norske og spanske lærarane

Kven var der?
Berit Melgårdsbakken, yrkesfaglærar på Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, og Lisa Resseth, yrkesfaglærar på Vg2 helsearbeidarfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
April 2025

Kva lærte dei?
Opphaldet starta med besøk og omvisning ved den vidaregåande skulen IES José Luis Sampedro, som blant anna tilbyr helsefag. Her hadde dei ein interessant samtale med ein yrkesfaglærar og skulen sin Erasmus+-koordinator. Gjennom samtalen fekk dei innsikt i det spanske yrkesfaglege utdanningsprogrammet og kunne samanlikne likheiter og skilnader med det norske systemet. 

Tre kvinner foran eit veggmaleri - Klikk for stort bileteNorske og spanske lærarar

Dag to gjekk turen til barneskolen CEIP Siglo XXI, saman med kollegaen Maria. Der blei dei møtt av skuleinspektør Laura, som viste rundt på skulen. CEIP Siglo XXI er spesielt tilrettelagt for barn med ulike funksjonsnedsettingar og har fleire spesialrom for å støtte læring og inkludering.

Støtte frå:
Erasmus+

Besøk frå Spania, Madrid

Fem kvinner som står oppstilt med fjellheimen i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSpanske og norske lærarar i fjellandskap

Kven var her?
Lærarane Maria Martinez og Bea Triz Ortega som underviser på barne- og ungdomsarbeidarutdanninga ved San Isidro Secondary School i byen Azuqueca i Madrid-regionen.

Når?
Mai 2025

Kva lærte dei?
Besøket var en del av eit internasjonalt samarbeid med jobbskygging innan helse og oppvekst. Samarbeidet gav lærarutveksling, fagleg inspirasjon og erfaringsdeling på tvers av landegrenser.

Les meir om samarbeidet her

Støtte frå:
Erasmus+

Tyskland, Buxtehude

Elevar som står oppstilt foran eit stort bygg - Klikk for stort bileteElevane står foran skulen

Kven var der?
Elevar frå idrettsfag og studiespesialisering ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Kva lærte dei?
Gjennom eit utvekslingsprosjekt har elevane våre samarbeidd med Gymnasium Buxtehude Süd. Prosjektet har fokus på FNs berekraftsmål, med vekt på bevisstgjering og analyse av tiltak.

Elevane har fått både språkleg og kulturell læring, samtidig som de utvekslar erfaringar og perspektiv på korleis berekraft kan fremmast i ulike samfunn.

Les meir om prosjektet her 

Støtte frå:
Erasmus+

Jobbskygging i Finland, Raseborg

Elevane jobbar konsentrert med oppgåver på datamaskinane i klasserommet - Klikk for stort bileteFrå klasserommet

Kven var der?
Lærarane Ali Hamou og Bjørn Vadet ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
April 2025

Kva lærte dei?
Dei to lærarane deltok i jobbskygging ved Karjaan lukio i Raseborg. Her fikk dei oppleve den finske skulekvardagen på nært hald og bli kjend med både tilsette og elevar.

Opphaldet gav verdifull innsikt i ein annan skulekultur og pedagogiske metodar. Desse erfaringane tek dei no med seg heim som inspirasjon i eiget arbeid.

Les meir om opplevingane dei hadde i Finland her

Støtte frå:
Erasmus+

Tyrkia, Antalya

Gruppebilde av smilande menneske som vinkar, med havet i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteDet var fint ver under praksisen i Tyrkia

Kven var der?
Elevar frå Vg1 restaurant- og matfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
April/mai 2025

Kva lærte dei?
Dei samarbeidde med ein skule som også driv hotell og praksisarena i eitt, og fekk oppleve både undervisning, bustad og arbeid på same stad. Undervegs lærte dei å handtere språkbarrierar på kjøkenet, dei smakte seg gjennom tyrkiske spesialitetar og besøkte historiske stader som Aspendos og Perge. 

Opphaldet gav verdifull erfaring i samarbeid, matkultur og reiseliv – og mange minnar for livet. 

Les meir her om reisa til Tyrkia her

Støtte frå:
Erasmus+

Jobbskygging i Tyrkia, Antalya

Kven var der?
Kantineleiar André Schweinsberger ved Nord-Gudbrandsdal vgs. 

Når?
April 2025

Kva gjorde han?
André deltok i eit internasjonalt jobbskyggingsprosjekt i Antalya i Tyrkia. Prosjektet gav André mogegheiten til å lære om tyrkisk matkultur og å dele erfaringar med kollegaer i utlandet.

André fekk innsikt i korleis tyrkiske kokkar arbeidar, og observerte og lærte av deira arbeidsmetodar. Samarbeidet styrkar både den faglege kompetansen hans og det internasjonale samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar.

Støtte frå:
Erasmus+

Internasjonale aktivitetar skuleåret 2023–2024

Besøk frå Estland

Kven var her?
Reiselivs- og språk-elevar frå School Räpina i Estland

Når?
April 2024

Kva gjorde dei?
Elevane på reiseliv og språk var vertskap for dei estiske elevane, og dei hadde laga eit godt og variert program. Gjennom undervisning i politikk og menneskerettar fekk elevane både frå Noreg og Estland innsikt i tema som forsvar og sikkerheit, Nato, klima, berekraft og likestilling.

Opplegget inneheld òg sosiale og kulturelle opplevingar med felles lunsj, songinnslag, markering av Nordens dag og litteraturformidling. Elevane blei betre kjent gjennom aktivitetar som kahoot, elevguidingar og byvandring i Otta, medan styret i Foreningen Norden, Sel fekk høve til å bli betre kjent med lærarane frå Estland. Takk for ei fin og lærerik veke med inspirasjon og nye kjenningar. 

Støtte frå:
Nordisk Ministerråd gjennom Nordplus Junior

Spania, Madrid

Kven var der?
Elevar frå Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget og Vg2 helsearbeidarfaget ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
April 2024

Kva gjorde dei?
Elevane hadde praksis på ulike stader: Alcalà de Henares, Azuqueca de Henares, Guadalajara og Madrid. 

Der jobba dei i barnehager, førskular og på sjukehus. Elevane blei veldig godt motteke på alle dei fem praksisplassane, og praksisen var svært fagleg relevant.

Støtte frå:
Erasmus+ gjennom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Frankrike, Cannes

Elevar som står oppstilte foran ei fin og stor lysegul bygning. - Klikk for stort bileteElevane frå Nord-Gudbrandsdal vgs i Cannes. Nord-Gudbrandsdal vgs

Kven var der?
Elevar frå Vg1 sal, service og reiseliv og Vg1 restaurant- og matfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
April 2024

Kva gjorde dei?
Dei hadde internasjonal YFF-praksis:
Elevane frå restaurant- og matfag jobba i restaurantar og på hotell, medan elevane frå sal, service og reiseliv fekk utøve salsfaget i ulike typar butikkar. 

Støtte frå:
Erasmus+ gjennom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Jobbskygging i Spania, Guadalajara

Kven var der?
Lærar og avdelingsleiar frå Vg2 transport og logistikk ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Når?
Oktober 2023 

Kva gjorde dei?
Dei var på besøk til Guadalajara rett utanfor Madrid i Spania, kor dei la til rette for 16-dagars Erasmus+avtalar for programfaga på transport og logistikk, restaurant- og matfag, og sal, service og reiseliv. Vi gler oss til vidare samarbeid! 

Støtte frå:
Erasmus + gjennom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

 

Kva er Erasmus+?

Erasmus+ er eit EU-program som støttar utdanning, opplæring, og ungdom og idrett i Europa. Programmet gir moglegheiter for lærarar og elevar til å delta i internasjonale prosjekt og utvekslingar, noko som bidreg til auka kompetanse og kulturell forståing. 

Gjennom slike erfaringar får både lærarar og elevar verdifulle innblikk i andre kulturar og arbeidsmetodar, noko som berikar undervisninga og fremjar eit globalt perspektiv.

Erasmus+ logo - Klikk for stort bilete

Kva er Nordplus Junior?

Nordplus støttar tiltak som styrkjer og utviklar det nordiske utdanningssamarbeidet og bidreg til å skape eit felles nordisk og baltisk utdanningsområde. 

Nordplus er finansiert av Nordisk Ministerråd og blir administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i samarbeid med dei andre nordiske og baltiske landa.

Logo NordPlus Junior - Klikk for stort bilete