Vg1 Sal, service og reiseliv og Vg1 Restaurant og matfag i Spania

I april reiste åtte elevar frå dei to klassane til Barcelona. Besøket var ein del av EU sitt Erasmus+ mobilitetsprogram.

Colombus-monumentet på La Rambla - Klikk for stort bileteColombus-monumentet på La Rambla i soloppgang Maria Nicolaysen

Saman med éin lærar har elevane budd i ei leilegheit i La Pau Passé, som er berre to minuttars gange frå den kjende la Rambla. Midt i hjartet av ein pulserande storby, prega av kultur, turisme og internasjonalt  mangfald

Eit breitt fagleg læringsutbytte

Utvekslinga har gjeve elevane eit breitt fagleg læringsutbytte. 

For elevar innan Sal, service og reiseliv har opphaldet gjeve verdifull innsikt i korleis serviceyrke fungerer i ein internasjonal storby med millionar av turistar kvart år. Gjennom møte med menneske frå ulike kulturar har elevane fått erfare betydninga av kommunikasjon, kundebehandling og fleksibilitet i serviceyrke. 

Dei har observert korleis turistnæringa er bygd opp i Barcelona, og fått sjå korleis butikkar, restaurantar og hotell arbeider for å skape gode kundeopplevingar.

For elevane innan Restaurant- og matfag har opphaldet gjeve spennande innblikk i spansk matkultur, råvarer og serveringstradisjonar.

Mange spekeskinker - kulinarisk kultur - Klikk for stort bileteEit blikk av Spanias rike og kulinariske kultur Tone Jorunn Tveito

Barcelona er kjend for eit breitt mattilbod og eit levande restaurantmiljø. Elevane har fått oppleve korleis mat og kultur heng tett saman. Dei har blitt inspirerte av nye smakar, presentasjonar av mat og av måten måltid fungerer som ein sosial møteplass.

Berekraftig reisemål

Barcelona er ein av dei leiande byane i Europa når det gjeld å omstille seg til en meire berekraftig reiselivsdestinasjon. 

Elevane fekk sjå eit korleis ein storby handterer utfordringane med “overturisme” og miljøpåverknad. I byen er det eit utstrekt nettverk av sykkelveger og bysykkelordningar, noko som gjer det lett og flytte seg miljøvennlig.

Det er og stor satsing på elektriske bussar og utviding av trikkenettet for å redusere utslepp frå transport.

Personleg utvikling 

I tillegg til det faglege har turen bidrege sterkt til personleg utvikling hos alle. 

Å bu saman i 14 dagar, i ein storby langt heimanfrå, har kravd samarbeid, ansvar og sjølvstende. Elevane har sjølv måtte planleggje delar av kvardagen, halde orden i leilegheita, møte til avtalar og ta omsyn til kvarandre i ein tett bufellesskap. Dette har styrkt både modenheit, samarbeidsevner og evna til å handtere nye situasjonar.

Kultur og historie

Gjennom opphaldet har elevane òg fått oppleve Barcelonas rike kultur og historie.

Utsikt over Barcelona ved det magiske fonteneområdet ved Montjuïc. - Klikk for stort bileteUtsikt over Barcelona ved det magiske fonteneområdet ved Montjuïc Tone Jorunn Tveito

Besøk til attraksjonar som den imponerande la Sagrada Família og den magiske fontena ved Montjuïc har gjeve sterke inntrykk. 

Samtidig har elevane fått kjenne på den urbane kulturen i ein moderne europeisk storby, med livlege gater, kunst, musikk og menneske frå heile verda.

Nye erfaringar

Utvekslinga har vore ei oppleving som kombinerer fagleg læring med personleg vekst. Elevane reiser heim med nye erfaringar, større sjølvstende og minner for livet – erfaringar som vil vere verdifulle både i vidare utdanning, arbeidsliv og personleg utvikling.