Elevar på utveksling i Tyskland

Ti Vg2-elevar frå både studiespesialiserande og idrettsfag har hatt ein opplevelsesrik utvekslingstur til Buxtehude.

Utvekslinga er eit samarbeid som inngår i skulen sitt fleirårige Erasmus+-prosjekt. Gjennom språk, kulturmøter og berekraftig læring fekk elevane oppleve korleis internasjonalt samarbeid kan gje perspektiv som går langt utover klasserommet heime på Otta.

Berekraftig praksis

Elevar som sykler på ein sti i ein skog. - Klikk for stort bileteElevane på tur til eplegarden. Dirk Wolf

På partnerskulen i Buxtehude jobba elevane med eit fellesprosjekt knytt til berekraft, eit kjerneområde i Erasmus+-programmet. 

Dei fekk innblikk i korleis tyske elevar jobber med miljøtema i faga sine, og var med i både undervisning, fysiske aktivitetar og praktiske oppgåver.

Ein av dagane tok elevane sykkelen fatt, og turen gjekk til ein lokal økologisk eplegard. Der lærte elevane om heile prosessen frå dyrking til sal, før dei fortsette vidare til museumsbesøk og lokal matkultur. 

Fleire av aktivitetane utfordra elevane til å tenkje gjennom korleis egne val påverkar miljøet, både heime og på reise.

Kulturmøter og nye perspektiv

Tidligere luftvernbunker, ombygd til et urbant prosjekt. - Klikk for stort bileteGrüne Bunker luftvernbunker frå 1942. Dirk Wolf

Eit av høgdepunkta var ein hel dag i Hamburg, der dei tyske elevane guida gruppa rundt. Dei fekk sjå St. Michaelis-kyrkja, hamneområde, Elbetunnellen frå 1911 og det massive “Grüner Bunker” fra andre verdskrig. Elevane fekk innsikt i både historie, byutvikling og moderne byliv.

Elevane fekk òg kjenne på kvardagslivet i tysk skule. Dei deltok blant anna i tospråklege kroppsøvingstimar med parkour som tema, og geografi på 11. trinn. 

Seinare presenterte dei Erasmus+-programmet til yngre elevar, for å vekkje interesse for komande internasjonale prosjekt.

Felleskap òg utanfor klasserommet

I fritida organiserte elevane sosiale aktivitetar sjølve. På laurdagen var dei saman med vertsfamiliane på blant anna fotballkamp, museumsbesøk eller turar i nærområdet. 

Mange elevar trekkjer nettopp kulturutvekslinga i heimane fram som ein av dei mest gjevande erfaringane i løpet av veka.

Ei reise som gjev varig læring

Gjennom heile opphaldet blei elevane utfordra til å reflektere over kva berekraft betyr i praksis, korleis språk brukast i nye situasjonar, og korleis kulturforskjellar og likheiter kan diskuterast på ein respektfull og nysgjerrig måte.  

Vi er stolte av elevane våre, og av det engasjementet som både vertsfamiliar, lærarar og samarbeidspartnarar legg ned i dette internasjonale prosjektet. 

Ein stor takk går òg til EU-programmet Erasmus+ som gjev midlar til utdanningssektoren for å byggje internasjonale nettverk, styrke språkkompetanse og utvikle interkulturell forståing.