Elevane frå helsefag og barne- og ungdomsfag som er i Spania for å jobbe.
Kirsti Myrhaug
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har søkt og fått middel gjennom Erasmus+, som er EUs program for å støtte utdanning, trening, ungdom og idrett i Europa.
Det er dette som gjev oss moglegheit til å reise ut i Europa for å arbeide og lære om kulturforskjellar.
Bur i Alcala, jobber i Guadalajara og Azuqueca
Helsefag-elevar og elevar som går barne- og ungdomsarbeiderfag er no i Spania for å arbeide i byane Guadalajara og Azuqueca.
Vi er heldige og bur i verdsarvbyen Alcala de Henares, omlag 35 km nordaust for Madrid. Alcala er den nest største byen i regionen etter Madrid. Byen har vore på UNESCOs verdsarvliste sidan 1998. Byen er blant dei viktigaste utdannings- og kultursentra i Spania, og det var i denne byen det første universitetet i moderne tid blei bygd.
Elevar og lærare i Spania
Kirsti Myrhaug
Helsefag-elevane arbeider på institusjon
Helsefag-elevane skal arbeide på to institusjonar, Residencia Geriátrica og Sanatorie de Alcohete. Her vil dei arbeide med eldre og med menneske som treng ekstra hjelp og støtte til å klare seg i dagleglivet.
Arbeidsoppgåvene er mange og forskjellige i løpet av den korte tida. Etter berre få dagar har dei opplevd å observere og delta i både sårstell, terapitimar, trening og pleie. Dei møter dagleg på kulturforskjellar i ulike arbeidssituasjonar i institusjonene. Dette gjer det spennande og lærerikt.
BUA-elevane arbeider på ein barneskule
Elevane som går barne- og ungdomsarbeiderfag har praksisen sin på Ceip Siglo XXI, ein barneskule med elevar frå 3 år og oppover. Elevane er med kvar si klasse med 3-åringar. Dei skal også prøve seg i klasser høgare opp, og med elevar som har ulike funksjonsnedsettingar.
Arbeidsoppgåver er å hjelpe til i klasser med å halde ro og orden, og delta med hjelp og støtte i fag som engelsk, historie og matematikk.
Ei av utfordringane, ifylgje elevane, er disiplinen dei har i skulen. 3-åringane sit ved pulten sin og lærer fag. Dei har ôg ulike formingsaktiviteter, men lite leik i forhold til 3-åringar i Norge.
Språket er ei utfordring
Den største utfordringa er språket, både i institusjon og på skulen. Mange pratar lite engelsk, men med ei god blanding av spansk (som vi ikkje kan...) og engelsk, så klarar vi oss godt.😊
Litt fysak om morgonen
For å koma på arbeid startar dagen med ein kort fysak til jernbanestasjonen, og så ein togtur på 15–20 minutt. Enkelte må også køyre ei kort distanse i buss før arbeidsdagen kan starte.
Nytt lesarbrev kjem i neste veke – gled dykk!