Moi frå Finland! – Berekraftig eventyr for reiselivselevar

Endeleg møttest vi! Turen til Finland vart full av læring, kultur og samarbeid.

Moi! – tyder hei på finsk

Veka før haustferien drog ein spent gjeng elevar frå Reiseliv og språk for endeleg å treffe den finske samarbeids­skulen Pemar Lukio i Pemar, nær Åbo. Sidan skulestart hadde vi hatt digital kontakt, men no skulle vi endeleg møtast fysisk.

Vi besøkte først byen Paimio, der vi budde hos vertsfamiliar i tre dagar før turen gjekk vidare til hovudstaden Helsingfors. Vi elevar fekk praktisk trening i å vere reiseleiarar på ekte vis. Vi måtte ta ansvar for gruppa, aktivitetar og måltid – noko som var både kjekt og lærerikt.

Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete

Skuleprosjekt i regi av Nordplus Junior

Min servicebedrift er støtta av Nordplus Junior og Foreningen Norden i Sel kommune. Prosjektet handlar om å gje unge studentar innsikt og kunnskap i korleis ein kan starte eiga bedrift, og korleis reiselivs- og serviceverksemder kan dra nytte av å tenkje gjenbruk og berekraft i alle ledd.

Gjennom gruppearbeid fekk alle presentere sine forslag til bedriftsidéar. I tillegg vart vi kjende med gründeren Elina Lindberg, som utviklar si eiga servicebedrift innan grøn gards­turisme i Åbo.

Logo NordPlus Junior - Klikk for stort bilete

Bedriftsutvikling og berekraft

Frå fengsel til designhotell

Vi fekk undervisning i bedriftsutvikling og berekraft, og besøkte fleire bedrifter for å sjå korleis gamle bygg kan få nytt liv gjennom redesign. Hotel Kakola var opphavleg eit stort fengsel i byen Åbo. Mursteinsbygningen huser i dag eit flott hotell med konferansesal, kyrkje og spa. Dette er eit godt døme på korleis ein kan gjenbruke eit bygg og samstundes fortelje historia på ein ny og kreativ måte. Sjølv om det no er eit moderne hotell, finst det framleis rom med fengselspreg og spor frå tida då bygget husa fangar.

Historisk sanatorium blir framtidas spa

Paimion Sanatorium fungerer i dag som kurs- og konferansestad, men er planlagt utvikla til eit spahotell. Det var den kjende finske arkitekten Alvar Aalto og kona hans, Aino, som i 1929 designa bygget og alt interiøret til sanatoriet, som den gong husa tuberkulosesjuke i Finland. Dette er òg eit godt døme på korleis ein kan ta vare på bygget si historie og gjenbruke viktige element i ei ny drakt. Staden er ein av dei mest internasjonalt anerkjende finske bygningane, og representerer human arkitektur for velvære – ein filosofi som framleis er aktuell i dag, ikkje minst innan ulike spa-konsept.

Frå handverk til hotelloppleving

Hotel Mestari er eit moderne hotell i Helsingfors som byggjer vidare på historia om at det tidlegare låg ei stor handverksverksemd i dei same lokala. Dette kjem til uttrykk i både interiør, meny og design. I tillegg fekk vi innblikk i korleis hotellet arbeider for å ta vare på berekraftig drift.

Finsk kultur og nordiske språk

Vi fekk òg oppleve finsk kultur gjennom felles aktivitetar med dei finske elevane – mellom anna sauna og bading i innsjø, ballspel som pesäpallo, kreative bli-kjent-leikar, mat, arkitektur og språk. Sidan dei har svensk som andrespråk i skulen, øvde vi på å kommunisere gjennom våre nordiske språk.

Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete
Elever på tur til Finnland - Klikk for stort bilete

Sosialt og trivelig

Vi hadde ein veldig fin tur saman og vart betre kjende både med kvarandre og med dei finske vennene våre. Vi gler oss til å få besøk av dei seinare i vinter – då er det vår tur til å lage program, ta imot og utøve vertskapsrolla i faget.

Moi moi -betyr “hadet” på finsk.

Skrive av elevar og lærarar på Reiseliv og språk1