Turen inneheldt både skulebesøk og fleire bedriftsbesøk i nærområdet. Føremålet med turen var å sjå det danske yrkesutdanningssystemet, og å lære meir om godslogistikk nærare kontinentet.
UddannelsesCenter Ringkøbing Skjern
Modell som viser oppbygjing av elbilar sitt høgspenningsnett.
Emil Damstuen
På UddannelsesCenteret utdannar dei hovudsakleg mekanikarar, og undervisninga handlar mykje om elbilar. Om korleis dei verkar og korleis ein skal kople ut høgspenningsbatteriane ved nødsituasjonar.
Det var likevel interessant å sjå korleis danskane driv yrkesfagleg utdanning. Det var òg artig å sjå kor dyktige danskane er til å undervise i nyare teknologi som til dømes elbilar, sjølv om den danske bilparken har ein mykje lågare del elektriske bilar enn vi har her i Noreg.
Vi måtte òg innrømme at det var store kontrastar mellom vår eiga vesle bilverkstad med 5–6 eigne gamle bilar og UCRS sine 5–6 verkstader med over hundre (!) eigne bilar, mellom anna Porsche, BMW, Ford, Audi A6 og Mercedes C350e med meir.
Bedriftsbesøk
Vi besøkte òg fleire bedrifter i området.
Elevar på bedriftsbesøk hjå J. M. Jensen i Skjern
Emil Damstuen
Først ute var J.M. Jensen sin «fragtcentral» (terminal) i Skjern. J.M. Jensen er ein stor transportør for den danske samlastspeditøren Danske Fragtmænd.
Her fekk vi vere med og sjå eigaren si bilsamling. Samlinga bestod av to Mercedes-personbilar og lastebilane Volvo L375, Volvo LV4, Volvo F12, Scania R500 og sjølve kongen: Scania 143 Streamline (faglærar Emil si særs objektive meining).
Vi var også innom SuperDæk Skjern. Her lærte vi om nye danske krav til vinterdekk, samt sal, logistikk og bestilling av desse i ei tid prega av krig og uro i Europa.
Produksjon av tilhengarar og tankbiler hjå VM Tarm.
Emil Damstuen
Deretter var det omvising på Mercedes-Benz-verkstaden Ejner Hessel i Brande, der vi fekk sjå kor like vi er i Norden når det gjeld etterspurnad, sal og eksport av lastebilar i Noreg og Danmark.
Til slutt kom kanskje turen sitt mest interessante besøk: tur til tankpåbyggjaren VM Tarm, som byggjer tankpåbygg for mjølkebilar, gjødselbilar og bilar brukt til drivstofftransport.
Her blir det bygd tankbilar til fleire lokale transportfirma, som Lesja Bilruter og Kindlistuen & Dahl.
Alt i alt ein lærerik tur – både fagleg og når det gjeld det å reise over landegrenser.
Takk for turen!