Reinhaldsoperatørane ynskjer finske elevar velkomen.
Lene Sørbråten
Det har gått 5 månader sidan vi var i Pemar, (nær Åbo) og no var det deira tur til å kome hit.
Nordplus Junior og foreningen Norden
Skuleprosjektet er finansiert gjennom Nordplus Junior og Foreningen Norden i Sel kommune. Det handlar om korleis unge kan starte eiga bedrift, få inspirasjon til korleis bedrifter kan tenkje nytt, og knytte berekraft og gjenbruk inn i alle ledd.
I tillegg skulle vi studere korleis ein kan utvikle innovative opplevingar med lokal forankring i natur og kultur. Faget Reiseliv og språk handlar òg mykje om kommunikasjon og det heilskaplege reiselivsproduktet, noko som vi naturleg nok òg fekk god erfaring i.
Ekte oppgåver
Vi elevar fekk ta ansvar for ulike delar av planlegginga og gjennomføringa av besøket, noko som gjorde at vi lærde teori gjennom praktiske oppgåver. Vi var reiseleiarar, guidar, vi heldt presentasjonar, og ønskte velkomen (reinhaldarane òg).
Vi tok økonomiansvar, bestilte mat, buss og gjorde avtalar med ulike bedrifter i regionen, og laga program. Det blei verkelegheitsnært og spanande, men samtidig òg litt skummelt når vi jobba med «ekte oppgåver».
God planlegging, av både små og store detaljar er viktig. Slik som her; bordkort til gjestene våre. Det at vi laga eit variert program med fleire elevpresentasjonar (òg av rektor), felles samarbeidsoppgåver og aktivitetar på kveldstid, gjorde veka spanande og lærerik.
Innovative og berekraftige bedrifter
Alle elevane
Lene Sørbråten
For å studere nærare korleis lokale bedrifter utviklar innovative og berekraftige opplevingar, brukte vi ein dag i Heidal, Sjodalen, Lemonsjøen og Vågå.
På Heidal Ysteri fortalde Hege om brunosten si historie og kva posisjon denne har i vår eigen kulturarv. Brunosten smakte godt for dei aller fleste.
Vi besøkte òg Eventyrhyttene på Sjodalen hyttetun. Desse er unike, Tolkien-inspirerte hytter som er spesielt designa for å gje gjester ei eventyrleg og unik oppleving i naturen. Her fekk vi òg servert stuttreiste elgkarbonadar til lunsj, ein populær rett hjå turistane.
Ei reiselivsbedrift som er spesielt oppteken av sosial berekraft gjennom inkludering av unge i opplæring, er Lemonsjøen Fjellstue og hytter. Dei er ei generasjonsbedrift som er spesielt kjend for god lokal mat og service. Vi fekk høyre historia, og korleis staden har utvikla seg som turistmål, for både fjellturar og friluftsliv gjennom heile året. Vi fekk òg høyre om kulturopplevingar i området, mellom anna Munch-ruta.
Neste stopp var Vågå. Her fekk vi ein guida tur i Vågå kyrkje. Vi besøkte òg restauranten Andre Etasje, som held til i eit gammalt trehus frå slutten av 1800-talet. Staden er kjent for fokus på gjenbruk, lokal identitet og tradisjon.
Bokhandel’n Gjestehus er eit samlingspunkt i bygda, for kaffe, mat og kultur. Liehjørna, er bygda sin lokale pub, og til slutt besøkte vi boutique hotellet SOV Lodge. Så var det tid for sosialt samvær med bowling og pizza.
Sosialt opplegg på kvelden med bowling og pizza.
Lene Sørbråten