Skulen Liceo Classico "Guisepppe Garibaldi" i Palermo på Sicilia
Monica Håskjold Eide
Innblikk i italiensk engelsk og historieundervisning
Her fekk dei innblikk i italiensk klassisk undervisning i engelsk og historie, læreplanar, det italienske utdanningssystemet, organiseringa av skulen og eit historisk prosjekt om antikken. I løpet av besøket deltok dei i møte med både skuleleiinga og faglærarar.
Den italienske skulekvardagen
Eit sentralt utbytte var å kunne samanlikne norsk og italiensk skulekvardag, samt samanlikne norsk og italiensk læreplan og undervisning. Dei observerte store forskjellar i både skulekvardag og undervisning, men fann fleire likskapstrekk i læreplanar.
Christine og Monica saman med to av lærarane på Liceo Classico "Guiseppe Garibaldi"
Monica Håskjold Eide
Skulekvardagen var hektisk med korte pausar mellom timane. Det var mange elevar på lite areal og ingen sosiale samlingsstader for elevane. Klasseromma var ganske små og mykje av undervisninga var i stor grad basert på forelesning frå lærar.
Lærarane hadde felles møter, evaluerte aktivitetar og samanlikna resultat. Dei merka seg at bruk av læringsstrategiar og klassiske undervisningsmetodar gjorde undervisninga føreseieleg og elevane var godt kjent med kva som var forventa av dei.
Observering i klasserommet
Inne i eit klasserom på skulen dei besøkte
Monica Håskjold Eide
Dei observerte ulike klassar og timar og fekk ein presentasjon av nokre elevar. Undervisninga var i stor grad lærarstyrt, og elevane var svært høflege og aktive når detvart lagt opp til samtale. Dei fann at ramma for timane, og bruk av læringsstrategiar og ulik metodikk, er ulik mellom skulane.
Gjennom jobbskygginga tileigna dei seg meir kunnskap om det italienske skulesystemet og korleis lærarar der jobbar med læreplan, og dei fann at forskjellar i kultur også synte seg i undervisninga.
Det er svært nyttig å jobbe med lærarar frå andre land for å få ein forståing og ein innsikt i andre metodar og ikkje minst ein annan kulturell kontekst for læring. Det har gitt kunnskap og erfaring dei kan nytte i sitt eige klasserom etter jobbskygginga.
Finansiert av Erasmus+
Jobbskygging finansiert av midlar frå Erasmus+ gir lærarar og tilsette ei verdifull moglegheit til å observere og lære frå kollegaer i andre europeiske land.