Med base i Alcala de Henares besøkte dei fem ulike institusjonar, der nokre av elevane deira hadde praksis gjennom Erasmus+ desse vekene. Dei var der i tospann, ei veke kvar.
Dei ulike institusjonane
Elevane frå barne- og ungdomsarbeiderfaget jobba på barneskular, mens elevane frå helsearbeiderfag var på sjukeheim og ein psykiatrisk institusjon. Alle stadene fekk dei omvisning, og følgde elevane sitt arbeid. Dei hadde samtalar med både lærarar og andre tilsette, om økonomiske rammar, organisering, og padagogisk og helsefagleg arbeid.
Erfaringsdeling rundt faget yrkesfagleg fordjuping
Lærarane Anne og Berit saman med ein spansk kollega og koordinatoren på staden
Berit Melgårdsbakken
Under opphaldet hadde dei med seg sin koordinator på staden, og fekk orientering om endringar i læreplanane for yrkesfagleg utdanning i Spania. Ho beskreiv ei krevjande omstilling, men med auka læringsutbytte for elevane.
Ei stor endring handla om styrking av faget vi i Noreg kallar yrkesfagleg fordjuping, altså praksis på arbeidsplassar, og ein viktig del av jobbskygginga dreia seg om erfaringsutveksling rundt dette faget.
Dei erfarte også at skulekvardagen består mykje av dei same gledene og utfordringane i begge land. Til tross for ulik kultur, er undommane stort sett like, både sør og nord i Europa.
Hyggeleg gjensyn
Utanom det offisielle jobbskyggingsprogrammet, fekk dei ein spennande dag saman med to spanske lærarar som tidlegare har vore på besøk på skulen vår. Dei besøkte sjåverdigheiter, og fekk eit rikt innblikk i historia til regionen, blant anna med eit besøk i en liten landsby som heiter Brihuega.
Høgdepunktet var eit møte med ein eldre, lokal bonde som dei kom i prat med. Dei snakka blant anna om storpolitikk ved hjelp av kroppsspråk og tegn. Dette viser at språkutfordringar kan overvinnast med vilje til å forstå, og kan stå som eit eksempel på kvifor Erasmus+ er viktig.