Innblikk i det spanske utdanningssystemet
IES San Isidro i Azuqueca de Henares
Erlend Lyngved
Lærar Erlend Lyngved var på jobbskygging ved IES San Isidro i Azugueca de Henares i Spania. Her fekk han innblikk i det spanske utdanningssystemet, organiseringa av skulen og ulike pedagogiske prosjekt. I løpet av besøket deltok han i møte med både skuleleiinga, faglærarar og rådgivingstenesta.
Besøk ved IES San Isidro her saman med rektor
Erlend Lyngved
Den spanske skulekvardagen
Eit sentralt utbytte var å kunne samanlikne norsk og spansk skulekvardag. Sjølv om rammene er ulike, er mange av utfordringane dei same: elevmotivasjon, inkludering og klasseleiing. Besøket gav også innsikt i korleis skulen arbeider med trivsel, psykisk helse og toleranse. Dette er erfaringar som kan vere nyttige vidare i eige arbeid.
Observering i klasserommet
Han observerte også undervisning i engelsk og fransk, og fekk sjå korleis lærarane arbeidde med bruk av målspråket i klasserommet. Eit sentralt utbytte var å kunne samanlikne norsk og spansk skulekvardag.
Finansiert av Erasmus+
Jobbskygging finansiert av midlar frå Erasmus+ gir lærarar og tilsette ei verdifull moglegheit til å observere og lære frå kollegaer i andre europeiske land.