Prosjektgruppa: F.V: Luigi D´Ambrosio (UCN), Tor-Ivar Furuset (Opplæringskontoret Brimi-Kjøken), Gry J. Vist (IFK), Anna Hammershøy (UCN), Jaana Salminen (ÅYG), Lene Sørbråten (NG vgs), Yana Jahrèn-Åkerblom (ÅYG) og Anna Liljeroos (ÅYG).
Lene Sørbråten
I regi av EU-prosjektet deltok Tor-Ivar Furuset frå Opplæringskontoret Brimi-kjøken, Gry Vist frå Innlandet Fylkeskommune, og prosjektkoordinator ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Lene Sørbråten, på denne tredje samlinga som omfattar tre skular i tre nordiske regionar.
Digital handbok
Me nærmar oss målet om å ferdigstille ei digital handbok som skal inspirere og rettleie dei unge til ei karriere innan mat- og reiselivsbransjen.
Workshop med bransjefolk
Vertskap og workshop: F.V: Luigi D´Ambrosio og Anna Hammershøy fra UCN
Lene Sørbråten
Professionshøjskolen UCN, Universitetet i Aalborg, ved Anna Hammershøj og Luigi D`Ambrosio var vertskap denne gongen. Me jobba oss gjennom ulike problemstillingar både i prosjektmøta, men óg i workshop med bransjefolk, lærarar og studentar.
Me gjekk gjennom og utforska prosjektdata våre, og diskuterte utfordringane og moglegheitene som formar framtida for mat- og reiselivsbransjen. Gjennom dialog og kunnskapsdeling på tvers av generasjonar og sektorar fekk me verdifulle innspel i det vidare arbeidet med prosjektet.
Særleg var det interessant å få synspunkt frå bachelorstudentane på International Hospitality Management UCN, som var tydelege på at framtida for «gjestfridom og turisme» ser lovande ut. No ser me fram til neste fase i prosjektet!