I tre dagar denne veka før påske, har Joanna Salmén frå Ålands Yrkesgymnasium vore hjå oss på jobbskygging.
Samarbeid med lokale bedrifter
Johanna under kyndig vegleiing fra konditor Ane og Merete frå Ødegaarden Bakeri
Lene Sørbråten
Joanna arbeider som lærar i kokkefaget, og har i løpet av opphaldet fått innsikt i bakar- og konditorfaget.
På handverksbakeriet til Dølakjøtt har ho jobba i lag med kyndige bakarar og konditorar frå Spania.
Deltatt i undervisninga
Ho har òg vore på skulen vår og delteke i undervisninga på restaurant- og matfag. Saman med elevar og faglærar Maria har ho lært modellering og teknikkar med marsipan og sjokolade.
Gjennom jobbskygging har faglærarane knytt tettare kontakt, i tillegg har dei utveksla kunnskap og erfaringar.