Karen og Thea frå Social- og Sundhedsskolen i Herning i Danmark.
Nord-Gudbrandsdal vgs
Praksis i barnehage
Gjennom Erasmus+-programmet har to elevar, Karen og Thea, fått høve til å gjennomføre eit månadslangt praksisopphald i Otta barnehage.
Karen og Thea utdannar seg til pedagogiske assistentar, og vil etter fullført utdanning kunne arbeide i barnehage og på småskuletrinnet.
Godt samarbeid
Vi har eit godt samarbeid med verksemdsleiar i barnehagen, som er positive til å ta imot elevar i praksis.
Samarbeidet mellom Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og barnehagen har som mål å gi elevane best mogleg læringsutbyte og ei heilskapleg praksisoppleving. Gjennom internasjonalt samarbeid får både elevar og tilsette høve til å byggje relasjonar på tvers av landegrenser og lære av kvarandre sine erfaringar og pedagogiske praksisar.
Deltok i undervisninga
Sjølv om Karen og Thea hadde arbeidsdagane sine i barnehagen, besøkte dei også skulen i løpet av praksisperioden. Her deltok dei i undervisning på Vg1 helse- og oppvekstfag og Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag.
Dei fekk ta del i både teoretiske undervisningsøkter og praktiske læringsaktivitetar saman med klassane, noko som bidrog til fagleg fordjuping og erfaringsutveksling.
Tak for besøget!