Velkomen til skulestart 2024!

Måndag 19. august 2024 startar eit nytt skuleår. Her finn du nyttig informasjon som du treng i skulestarten. 

Illustrasjon Back to school - Klikk for stort bilete Mostphotos

Oppmøtetider

Avdeling Lom 

Kl. 09.00: Alle møter i kultursalen i Utgard.

Avdeling Otta

Kl. 08.30: Alle elevar møter utanfor hovudinngangen. Der blir dere tatt i mot av elevmentorar og kontaktlærar.

Elevskjemaet

Kvart år ved skulestart skal alle elevar sende inn eit digitalt skjema som heiter Elevskjema. Her bekreftar du at du har lese ordensreglementet, utlånsreglementet og kjenner til personvernerklæringa til Innlandet fylkeskommune.

Les meir om Elevskjemaet

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha ein berbar datamaskin til bruk i skulearbeidet.

Vg2- og Vg3-elevar må ta med sin eigen PC til fyrste skoledag.

Som Vg1-elev treng du ikkje å gjere noko før skulen startar, men rett etter skulestart må du som er Vg1-elev velje om du vil ha elev-PC gjennom fylkeskommunen eller bruke ein privat datamaskin.

Les meir om PC-ordninga

Aktivere brukerkonto i Innlandet

For å kunne bruke dei digitale verktøya og tenestene våre, må du ha ein Innlandet-brukerkonto.

Les korleis du aktiverer Innlandet-brukar

Visma InSchool

Innlandet fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som skoleadministrativt system på dei vidaregåande skulene. 

Visma InSchool vil vere ein del av skulekvardagen din. Her finn du viktig informasjon som timeplan, fråvær, anmerkningar og karakterar.

Les meir om Visma InSchool og sjå introduksjonsvideo

Gratis læremiddel

Fylkeskommunen har ansvar for at alle elevar får låne nødvendige trykte og digitale læremiddel.

Du får du låne dei lærebøkene du treng i opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skulestart og skal leverast inn igjen før skuleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagt.

Les reglementet for utlån av lærebøker

Lån og stipend

Alle elevar i vidaregåande skule kan søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.

Les meir om lån og stipend

Skuleskyss

Alle elevar i vidaregåande skule som treng skuleskyss til og frå skulen må søke om det kvart år. Du har krav på gratis skuleskyss dersom du bur meir enn 6 km frå skulen.

Du må søke sjølv via «MinSkyss» som er ei nettbasert løysing. Det er viktig at du følgjer med på statusen for søknaden din. 

Les meir om skuleskyss i vidaregåande skule

Skulebevis i VIS

Alle elevar finner skulebeviset sitt i VIS. Du får meir informasjon i løpet av den første skuleveka.

Skuleferiar og fridagar

Her ser du skuleruta for kommande skuleår

Reglement og rutinar

Lurer du på noko rundt fråvær, ordensreglementet, eller kva for rettar og plikter du har som elev i vidaregåande skule? 

Les reglement og rutinar som gjeld for deg som elev

Hjelp og rådgiving

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skulekvardagen? Skulen har fleire typer rådgivarar som kan hjelpe deg. 

Les meir om rådgivartenesta ved skulen

Personvern

For å kunne kommunisere med føresette blir det innhenta informasjon om føresette frå Folkeregisteret.

Les meir om korleis Innlandet fylkeskommune behandler personopplysningar

Helsing frå rektor

Rektor Kristin Undseth ønsker deg velkomen til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.

Les helsinga frå rektor

Velkomen til skulestart!