Helsing frå rektor

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er skulen i hjartet av Nasjonalparkriket – ein skule med sterke røter i lokalsamfunnet og blikket retta mot framtida.

Frå og med skuleåret 2025–2026 har vi all undervisning samla på eitt felles skolested: Otta. Avdelingane i Lom og på Dombås er no dessverre lagt ned, men vi held fram med å vere ein samlande og framtidsretta skule for heile regionen.

Seks utdanningsprogram – mange moglegheiter

Hos oss kan du velje blant seks spennande utdanningsprogram innan både yrkesfag og studieførebuande retningar:

  • Restaurant- og matfag
  • Sal, service og reiseliv
  • Helse- og oppvekstfag
  • Teknologi- og industrifag
  • Idrettsfag
  • Studiespesialisering

Læring for livet

Vi trur på læring i praksis og på ekte opplevingar. Difor er ekskursjonar, utplassering i arbeidslivet og internasjonalt samarbeid viktige delar av skulekvardagen. 

Eit trygt og utfordrande skulemiljø

Som elev hos oss skal du oppleve både meistring og vekst. Du blir sett, får faglege utfordringar tilpassa deg, og blir ein del av eit trygt og inkluderande skulemiljø. Vi stiller krav, men vi støttar deg heile vegen.

Vi gler oss til å bli kjent med deg!

Vi ønskjer deg velkomen som elev ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule – ein levande skule i utvikling, der det er godt å lære og godt å vere.

Bilde av rektor - Klikk for stort bilete

Med helsing
Kristin Undseth,
rektor