Internasjonalisering

Skulen jobbar med å legge til rette for ulike internasjonale læringsaktivitetar både på studieførebuande og yrkesfagleg utdanningsprogram. 

Gjennom elevutveksling og skulesamarbeid på tvers av landegrensene, får elevane eit globalt og internasjonalt perspektiv gjennom læring.

Internasjonal delingsøkt fra skuleåret 2023/2024

Internasjonale aktivitetar skuleåret 2023/2024

Spania

Lærer og avdelingsleiar på besøk, frå Vg2 transport og logistikk

I oktober 2023 reiste avdelingsleiar Ingrid Vorkinn og faglærar Ivar Myren på besøk til Guadalajara rett utenfor Madrid i Spania. Her skulle dei legge til rette for 16 dagars Erasmus+avtalar for programfaga på transport og logistikk, restaurant- og matfag, og sal, service og reiseliv. Vi gler oss til vidare samarbeid! 

Vi får støtte fra Erasmus + gjennom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Estland

Reiselivs- og språk-elever

Les meir om besøket frå Estland her

Vi får støtte frå Nordplus Junior.

Frankrike

Elevar frå Vg1 sal, service og reiseliv og Vg1 restaurant- og matfag

Les meir om turen til Frankrike her

Vi får støtte fra Erasmus + gjennom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Spania

Elevar frå Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget og Vg2 helsearbeidarfaget

Les mer om turen til Spania her

Vi får støtte fra Erasmus + gjennom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Tidlegare prosjekt

Samling i internasjonalt skulenettverk i Innlandet

Nord-Gudbrandsdal var i 2022 vertskap for årets samling i internasjonalt skulenettverk i Innlandet. I underkant av 30 deltakarar frå 17 ulike skular deltok på samlinga på Otta 29. – 30. november 2022. Samlingar som dette bidreg til auka kunnskap og fokus på kvalitet i det internasjonale arbeidet i skulen.

Tema for samlinga var samordning av skjema og rutinar, beredskapsplanar og mental beredskap, informasjon om konsortium, moglege samarbeidsoppgåver, digitalisering av rutinar og ikkje minst erfaringsdeling. På sistnemnde bidrog faglærarane frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta Kirsti Myrhaug og Anne Mari Høie. Dei delte erfaringane sine knytt til internasjonalt arbeid på helse og oppvekst gjennom 16 år. 

Kirsti Myrhaug og Anne Mari Høie deler erfaringer knytta til internasjonalt arbeid  - Klikk for stort bilete
Kirsti Myrhaug og Anne Mari Høie deler erfaringer knytta til internasjonalt arbeid  - Klikk for stort bilete

Trass i pandemi, har skulen gjennomført fleire internasjonale aktivitetar og fått to nye samarbeidspartnarar. Her er eit utklipp av kva elevane har teke del i for skuleåret 2021–22.

Erasmus+

Gjennom programmet Erasmus+, har skulen lagt til rette for to vekers praksisopplæring i utlandet. Elevar på helse og oppvekst Vg2 reiste til Spania, medan elevar på sal, service og reiseliv Vg1 drog til Island. 

Her er ei lita oppsummering av erfaringane og læringsutbytte deira:

Spania

HEA sammen med skoleledelsen på sykehuset i Guadalajara - Klikk for stort bilete
Elever og lærer Anne Mari Høie og Liss Gravdal sammen med ordfører av byen Azuqueca de Henares. Her ble de gjort til æresborgere, derfor det røde skjerfet - Klikk for stort bilete
Foran huset til Cervantes, sammen med statuene Don Quijote - Klikk for stort bilete
Venter på toget til praksis - Klikk for stort bilete

Island

Nordplus Junior

Island våren 2022

I ei veke i mai flytta klassa i Reiseliv og språk, læringsarenaen frå Otta og Dombås til Island. Prosjektet «Digitale kulturuttrykk» handlar om å identifisere og bli kjend med kulturar i Danmark, Island og Noreg. 

Vi fekk flest fine opplevingar og læringsaugneblink saman som vi tek med oss vidare i faget. Prosjektet blir støtta av Nordplus Junior.

Erasmus+ akkreditering januar 2021

Logo Vet Mobility Charter Internasjonalisering - Klikk for stort bilete

Skulen har for andre gong oppnådd akkreditering for internasjonale prosjekt innan Erasmus + i fag- og yrkesopplæring i regi av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU). 

Denne akkrediteringen betyr at skulen har nådd eit kvalitetsstempel og kan dermed planlegge fram mot nye internasjonale aktivitetar fem år fram i tid. 

Sjølv om det er vanskelig å gjennomføre fysiske besøk og mobilitetr nå, så førebur vi oss fram til vi igjen kan treffe kvarandre fysisk.

Internasjonal strategi

I Internasjonal strategi for Oppland 2017–21, står det at «internasjonalt samarbeid skal bidra til å gi eit mangfoldig og inkluderende samfunn med berekraftig vekst og utvikling. Samarbeid på tvers av landegrenser skal gi nyttig kunnskap, idear og inspirasjon, nettverk og internasjonale utviklingsmidlar som gjev auka kvalitet på nærings- og samfunnsutviklinga».

Viktig med internasjonale prosjekt

Målet er at flest mogleg elevar skal å høve til å delta i internasjonale prosjekt. På denne måten får dei styrka si interkulturelle kompetanse og toleranse, og reflekterer over eigen arbeidspraksis i sterkare grad. I tillegg peiker fleire elevar på personlig meistring og god språktrening som viktig læringsutbytte. 

På yrkesfag fremmer internasjonalisering og samarbeid mellom lokalt næringsliv i Nord-Gudbrandsdal og verksemder i utlandet, gjennom deltaking og involvering i fleire mobilitetsprosjekt.

Koordinator for fire studenter fra Guadalajara og Azuqueca de Henares i Spania

Elevane våre har gjennomført praksis i ulike land i utlandet våren 2022, men skulen har òg tatt i mot studentar frå utlandet. Våren 2022 har skulen vore koordinator for fire studenter frå Guadalajara og Azuqueca de Henares i Spania. 

To studenter har vore i praksis ved barnehagane i Sel kommune. I to månader har Mariana og Noemi vore på Smurfen og Ottbragden barnehage. 

Så har Cornelia Vasai Dritu og Ulises Jafeth Gòmez Vargas vore i praksis på kontoret ved skulen vår som ein del av utdanninga si innan kontor og administrasjon. Dei har arbeidd mykje med økonomi, personal og arkiv og utførd sørvis for elevar og andre tilsette.  

To personar på eit kontor som smiler - Klikk for stort bileteSpanske studentar hos Nord-Gudbrandsdal vgs.

Dei har mellom anna drive med budsjettperiodisering og rekneskapsanalyse saman med skulen sin kontorlærling, Martin Været. Oppgåva er stor, og kan løysast på mange måtar. Det blir fort hakket meir innfløkt når ein i tillegg må omsette kontoplanen til engelsk, eit stort dokument i seg sjølv.  

Dette har spanjolane gjort på ein glimrande måte, seier administrasjonsleiar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Signe Stubbrud, som er tydeleg på viktigheita av utveksling som del av eit opplæringsløp. 

I løpet av utvekslingsperioden har Cornelia og Ulises vore med på norskopplæring saman med minoritetsspråklege elevar. Det har vore nyttig å lære eit nytt språk, synst dei. Fraser som «Hei, korleis går det?», «Takk for i dag» og «kan du sjå på dette» er enkle å lære, og samstundes nyttige i sosiale lag så vel som i arbeidskvardagen.  

Mariana, Noemi, Ulises og Cornelia har fått sjå nærområdet vårt, og blitt kjende med områda i Nord- Gudbrandsdalen.