Utveksling til Otta

Elevane har gjennomført praksis i ulike land denne våren, men skulen har også tatt i mot studentar frå utlandet.

Fire studenter frå Spania

Denne våren har skulen vore koordinator for fire studenter fra Guadalajara og Azuqueca de Henares i Spania. 

Praksis på barnehager

To studenter har vore i praksis ved barnehagane i Sel kommune. I tre månader har Mariana Sofia Murcia Narvaez og Noemi Sànchez vore på Smurfen og Ottbragden barnehage.

Mariana Sofia Murcia Narvaez  - Klikk for stort bileteMariana Sofia Murcia Narvaez

Noemi Sànchez - Klikk for stort bileteNoemi Sànchez

Praksis på kontoret på skulen vår

Spanske studenter hos Nord-Gudbrandsdal vgs. - Klikk for stort bilete

Så har Cornelia Vasai Dritu og Ulises Jafeth Gòmez Vargas vore i praksis på kontoret ved skulen vår som ein del av utdanninga si innan kontor og administrasjon. Dei har arbeidd mykje med økonomi, personal og arkiv og utførd sørvis for elevar og andre tilsette.  

Dei har mellom anna drive med budsjettperiodisering og rekneskapsanalyse saman med skulens kontorlærling, Martin Været. Oppgåva er stor, og kan løysast på mange måtar. Det blir fort hakket meir innfløkt når ein i tillegg må omsetje kontoplanen til engelsk, eit stort dokument i seg sjølv.  

Dette har spanjolane gjort på ein glimrande måte, seier administrasjonsleiar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Signe Stubbrud, som er tydeleg på viktigheita av utveksling som del av eit opplæringsløp. 

Norskopplæring

I løpet av utvekslingsperioda har Cornelia og Ulises vore med på norskopplæring saman med minoritetsspråklege elevar. Det har vore nyttig å lære eit nytt språk, tykkjer dei.

Fraser som «Hei, korleis går det?», «Takk for i dag» og «kan du sjå på dette» er enkle å lære, og samstundes nyttige i sosiale samkvem så vel som i arbeidskvardagen.  

Erasmus+ logo - Klikk for stort bilete

Fått sjå nærområdet vårt

Mariana, Noemi, Ulises og Cornelia har fått sjå nærområdet vårt, og blitt kjende med områda i Nord- Gudbrandsdalen.