Praksisstadene
Barne- og ungdomsarbeiderfag-elevane (BUA) var utplassert på 3 skular i Aququeca de Henares kommune. For å kome dit, måtte dei ta tog.
I Spania startar dei fleste barna på skulen når dei er tre år. Eit krav er at dei klarer å gå på do sjølv. Dei har éin lærar per 20 barn, og det gir lite rom for den typen omsorg norske barnehagar er kjende for. Barna har få friminutt, er lite ute, og uteområda er små og sparsamt utstyrte samanlikna med norske barnehagar.
Elevar og lærarar framfor ein rikt utsmykka skule
Berit Melgårdsbakken
Kunst er viktig både i undervisninga og utsmykking på skulane. BUA-elevane var imponerte over korleis det vart arbeidd med dette. Dei fekk mellom anna ta del i feiringa til skulane av den internasjonale bokdagen.
Tre andre elevar arbeidde på ein helseheim. Her opplevde dei å ikkje få ta del i like mange oppgåver som dei er vande med i arbeid heime i Noreg. I Spania er det ikkje vanleg at 17 åringar jobbar på den typen arbeidsplassar. Dei fekk likevel eit innblikk i arbeidskvardagen. Dei beit seg særleg merke i forskjellar i omsorg, matstell og hygiene.
Elevar framfor inngangen til Alcolete, ein institusjon for psykiatri
Berit Melgårdsbakken
Tre helsearbeidarfag-elevar (HEA) arbeidde på ein psykiatrisk institusjon. Her tok dei del i kvardagen til menneske med store utfordringar. Ikkje alle pasientar hadde einerom. Elevane reflekterte mykje over personvern og privatliv.
Språket var utfordrande for alle, trass i mini-spanskkurs i forkant av opphaldet. Men med ei blanding av spansk, engelsk, kroppsspråk og ulike omsetjingsprogram fungerte det. Med god vilje kan mange språkbarrierar overvinnast.
Kultur
Sjølv om plassen dei budde på var ei kulturoppleving i seg sjølv, stod likevel eit besøk til hovudstaden Madrid på programmet.
Her guida elevane mellom anna kvarandre til det kongelege slottet og det arkitektonisk spennande Plaza Mayor. Hovudtorget i byen har eit yrande folkeliv, ei god blanding av turistar og fastbuande. Tyrefekting er det likevel slutt på.
Personleg og fagleg læringsutbytte
Elevene fortel om både personleg vekst og fagleg utbytte av opphaldet i Spania. Dei budde åleine i eit framandt land i fjorten dagar, pendla på tettpakka tog, styrte økonomi og hushald, og takla å bu trongt. Nokon handterte heimlengsel.
Alle opplevingane på praksisplassane gav næring til undring. I møte med andre måtar å løysa pedagogiske og helsefaglege oppgåver på, såg dei praksisane me har i Noreg med eit skjerpa blikk. Dette førte til faglege refleksjonar både under opphaldet, og i etterkant.
Elevane er samstemde i at opphaldet i Spania har gitt verdifulle erfaringar dei vil ta med seg vidare som profesjonelle yrkesutøvarar.
Elevar og lærar Anne samla på Plaza Mayor
Berit Melgårdsbakken