Tur til Midt-Jylland og Herning

Vg1 helse- og oppvekstfag var i Danmark for å besøkje Social- og Sundhedsskolen og Aktiv Centret i Herning.

Fire dagar på tur

Erasmus+ mobilitetsprogram gjorde det mogleg for heile Vg1 Helse- og oppvekstfag å reise til Herning i Danmark frå 17. til 20. november for å besøkje Social- og Sundhedsskolen og Aktiv Centret i Herning.

Turen varte i fire dagar, inkludert reise. Avstand til Midt-Jylland og Herning er ikkje lang, men med buss, tog og fly tok reisa nokre timar. Til gjengjeld kom vi fram til ein flott, julepynta by.

Besøk på Social- og Sundhedsskolen

Elevar som står utanfor inngangen til eit skulebygg. - Klikk for stort bileteElevane var på besøk på Social- og Sundhedsskolen. Nord-Gudbrandsdal vgs

Besøket på Social- og Sundhedsskolen var noko vi hadde sett fram til. Formålet med turen var å bli kjend med det danske skulesystemet og å få delta aktivt i undervisning saman med danske medelevar. 

Skulen har fokus på velferdsutdanning og eit tett samarbeid med dei omkringliggjande kommunane i regionen. Skulen tilbyr både yrkesutdanning (EUD), EUX velferd, samt etter- og vidareutdanning innan sosial-, helse- og pedagogiske fagområde.

Elevar som held ein presentasjon i eit klasserom. - Klikk for stort bileteElevar frå oss held ein presentasjon om region Nord-Gudbrandsdal og skulen vår. Nord-Gudbrandsdal vgs

Elevane fekk delta i ein dansk-norsk SOSU-quiz, som synleggjorde både likskapar og små skilnader i språk og fagterminologi. 

Dei deltok gruppevis saman med danske elevar på skulen sine ulike læringsarenaer, mellom anna klasserom, praksisrom og fellesområde, der dei fekk høve til å observere undervisning i praksis.

Avslutningsvis, før «frokost» – som betyr lunsj i Danmark, hadde ei gruppe elevar frå oss ein presentasjon om vår eigen region, Nord-Gudbrandsdal, og skulen vår.

Besøk på Aktiv Centret

Elevane sit oppstilt utanfor  eit murbygning - Klikk for stort bileteElevane var på besøk på Aktiv Centret i Herning. Nord-Gudbrandsdal vgs

Dagen starta med informasjon om korleis Herning kommune organiserer tenestene sine. Aktivitetssentera i Herning kommune tilbyr ulike aktivitetar og opplæringstilbod for personar over 60 år, samt uførepensjonistar og pensjonistar.

Elevar og lærarar fekk ei flott omvising på Aktiv Centret i sentrum av Herning, der vi møtte både brukarar og tilsette som deltok i ulike aktivitetar. Vi fekk observere handarbeid, fysisk aktivitet og trening, samt produksjon av ulike produkt som var stilt ut og tilgjengelege for sal – og handel vart det! 

Takk for ein flott og lærerik tur!