Tur til Danmark - Midt-Jylland og Herning

Erasmus+ mobilitetsprogram gjorde det mogleg for heile Vg1 Helse- og oppvekstfag å reise til Herning i Danmark, for å besøkje Social- og Sundhedsskolen og Aktiv Centret i Herning.

Avstand til Midt-Jylland og Herning er ikkje lang, men med tog og fly tok reisa nokre timar. Til gjengjeld kom dei fram til ein flott by som var fint pynta til jul og skapte ei hyggjeleg ramme rundt opphaldet.

Elevar og lærarar på Vg1 Helse- og oppvekstfag framfor Social- og Sundhedsskolen Kirsti O. Myrhaug

Mål om å bli kjend med det danske skulesystemet

Besøket ved Social- og Sundhedsskolen var noko dei hadde sett fram til. Målet med turen var å bli betre kjende med det danske skulesystemet og korleis utdanning innan helse- og velferdsfag er organisert. 

Skulen har eit sterkt fokus på velferdsutdanning og eit tett samarbeid med kommunane i regionen. Her blir det tilbydd både yrkesutdanning (EUD), EUX Velferd, og etter- og vidareutdanning innan sosial-, helse- og pedagogiske fagområde.

Besøk på Aktiv Centeret

Dag to besøkte dei Aktiv Centret i Herning, her fekk dei høyre om korleis Herning kommune organiserer tenesta for brukarar i kommunen. Aktivitetssentera tilbyr ulike aktivitetar og opplæringstilbod for personar over 60 år, samt uførepensjonistar og pensjonistar.

Elevar og lærarar fekk ei flott omvising på Aktiv Centret, der dei møtte både brukarar og tilsette som deltok i ulike aktivitetar.

Nye inntrykk og læring

Turen gav dei mange nye inntrykk og læring. Dei fekk auka forståing for korleis utdanning, velferdstenester og samarbeid mellom skule og kommune fungerer i Danmark.