
Tysdag 4. november inviterer vi alle elevar i 10. klasse, saman med føresette, til yrkes- og utdanningsmesse.
Dette er ein flott moglegheit til å utforske dei ulike utdanningsprogramma og framtidige yrkesvegar før søknadsprosessen til vidaregåande skule.
To oppmøtetidspunkt for ungdomsskulane
Messa er open frå kl. 17.00 til 20.30, og ungdomsskulane i regionen møter til ulike tidspunkt:
- Elevar frå Otta, Heidal og Vågå: kl. 17.00
- Elevar frå Lom, Skjåk, Dovre og Lesja: kl. 18.30
Det er obligatorisk frammøte for alle elevar i 10. klasse. Føresette blir sterkt oppmoda til å delta saman med elevane.
Utforsk utdanningsprogram og læringsmoglegheiter
På messa møter du representantar frå dei ulike utdanningsprogramma ved vidaregåande skular i regionen. I tillegg vil fleire opplæringskontor og bedrifter vere til stades for å vise fram lærlingplassar og arbeidsmoglegheiter etter vidaregåande.
Dette er ein gyllen sjanse til å stille spørsmål, samle informasjon og få eit betre grunnlag for framtidige val. Det blir også open kantine denne kvelden.
Viktige lenkjer
Vel møtt til yrkes- og utdanningsmessa!
Helsing Rådgjevarane i Nord-Gudbrandsdal og Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule