Rapport om arbeidskraftbehov i turistnæringa

Vi er no klare for å dele den nye rapporten vår frå Erasmus+-prosjektet Keen and New in Tourism! 

Logo for KNIT Erasmus-prosjekt - Klikk for stort bilete Erasmus+

Funna avslører utfordringar innan rekruttering, spesielt på kjøkken og i service- og kundebehandling, og behovet for sesongarbeidskraft i bransjen. 

Viser utfordringar og positive døme

Sjølv om dei fleste bedrifter rapporterer om stabil arbeidskraft utanom sesong, blir det peika på utfordringar som balanse mellom arbeid og fritid, uregelmessige arbeidstider og emosjonelle og relasjonelle krav. 

Positive døme frå næringa kjem òg fram, som til dømes fleksibel planlegging, støttande leiarskap og initiativ til trivsel blant dei tilsette.

Undersøkinga viser behov for kundeservice, kommunikasjon, kulinarisk kokkeferdigheiter og leiareigenskapar og dessutan ei aukande interesse for samarbeid med utdanningsinstitusjonar. 

Kombinert med dei kvalitative funna våre støttar undersøkinga behovet for å bygge bru mellom utdanning og industri, styrke fagleg anerkjenning og framme berekraftig utvikling av arbeidskraft innan nordisk mat- og reiselivsnæringa.

Undersøking i Gudbrandsdalen, Danmark og Finland

Rapporten er basert på ei kvantitativ undersøking utført av næringslivet innan mat- og reiseliv i Nord-Jylland (Danmark), Gudbrandsdalen (Noreg) og Åland (Finland). 

Undersøkinga bygger på kvalitativ innsikt frå fokusgruppeintervju med elevar og studentar og presenterer perspektiva i bransjen på rekruttering og kompetansebehov.

Vi har samla inn totalt 125 gyldige svar. Resultata våre gir samanliknande innsikt på tvers av dei tre nordiske regionane, men du kan òg velje å lese funna for berre regionen din. 

Les rapporten: Erasmus+ project Keen & New in Tourism - Survey results October 2025 (PDF, 3 MB)

Bakgrunn

Med Nord-Gudbrandsdal vgs. i spissen, har «Ung i reiselivet», som består av Opplæringskontoret Gudbrandsdalen, Opplæringskontoret Brimi-kjøken, lokal mat- og reiselivsbransje, Gudbrandsdalsmat og Nord-Gudbrandsdal vgs., koordinatorrolla for det 3-årige EU-prosjektet «Keen and New in Tourism» (KNiT24).

Dette nordiske samarbeidsprosjektet har som mål å utvikle tiltak som kan føre til auka rekruttering til mat- og reiselivsbransjen.

Mange reiselivsbedrifter i Gudbrandsdalen opplever det som krevjande å få tak i god og relevant arbeidskraft til bedrifta si. For å få innsikt i kva desse utfordringane handlar om, har vi saman med samarbeidspartnarar i Danmark og Finland gjennomført ei kvalitativ undersøking blant dagens elevar og tidlegare elevar/studentar.

Samtidig skal vi kartleggje utfordringane sett frå eit samfunnsperspektiv og frå næringslivet/ståstaden i bransjane. Målet er at vi saman skal kunne finne nokre gode løysingar og tiltak som kan komme reiselivsnæringa i dei tre regionane til gode.

Neste trinn

Neste trinn i prosjektet vil handle om å finne moglege løysingar på korleis vi saman kan møte utfordringane med rekruttering til mat- og reiselivsnæringa. Her tek vi med oss alle gode innspel og tankar frå forskinga og frå workshops/konferansar som er gjennomførte tidlegare.

Det blir pilotering og testing i Aalborg i Danmark i 2026. I løpet av 2027 er målet er å utvikle ei digital handbok for sentrale aktørar som har nytte av dei foreslåtte tiltaka.