Nord-Gudbrandsdal vgs hadde besøk av elevar frå Buxtehude i Tyskland.
Dirk Wolf
Dette er det andre prosjektet som er initiert av nokre språklærarar, men som no har utvikla seg til eit tverrfagleg samarbeid. Prosjektet er eit Erasmus+ utvekslingsprosjekt mellom Nord-Gudbrandsdal vgs og Gymnasium Buxtehude Süd, 2025–2026.
Kva er verkelegheit og kva er myter?
Årets tema er «Det ekte Noreg og Tyskland?». Målet med prosessen er at elevane gjennom interkulturell utveksling skal utforske i kva grad førestillingane deira om det andre landet røystar med verkelegheita, og kva som heller kan tilskrivast mytar og klisjear.
Ideen til dette temaet kom då to språklærarar ved skulen undra seg over i kva grad lærebøkene i Noreg og utbreidde framsyningar formidlar eit delvis utdatert og stereotypisk bilete av kultur i tyskspråklege land:
“99 Luftballons” av Nena (1983), motorvegar utan fartsgrense fulle av BMW-ar, oktoberfestar over heile landet, eller den tyske ordenssansen – for å nemne nokre.
Dei tyske elevane fekk eit allsidig innblikk
I løpet av prosjektveka deltok dei tyske elevane i undervisninga, analyserte stortingsvalet saman med dei norske elevane, og utveksla synspunkt om politikk i Tyskland og Noreg.
Dei lærte om norsk matkultur i ein workshop, om arkitektur og livsstil i Gudbrandsdalen, om idrett, friluftsliv og hytteliv i Noreg – og mykje meir. Fleire lærarar frå ulike fagområde bidrog til at dette blei ei lærerik veke for elevane.
I tillegg fekk gjestene oppleve den autentiske kvardagen i vertsfamiliane sine – truleg den viktigaste læringsarenaen under besøket. Takk til alle vertsfamiliane – utan dei ville eit slikt prosjekt knapt vore mogleg.
Elevane fordjupa seg i små grupper i temaet. Dette arbeidet vil vi følgje opp gjennom skuleåret og avslutte ved gjenbesøket i Buxtehude.
Vi håpar at elevane i løpet av denne prosessen har utvikla ei meir nyansert interkulturell forståing.
Tverrfagleg læring er heilskapleg læring
Dette prosjektet viser at tverrfagleg læring er heilskapleg læring, og at kulturell utveksling på tvers av landegrenser fremjar betre forståing og toleranse for ulike levemåtar.
Nord-Gudbrandsdal vgs går føre med eit godt eksempel med dei mange internasjonale prosjekta sine.
Hald fram slik!
Elevane frå Buxtehude i Tyskland deltok på mange ulike opplevinger i Noreg.
Nord-Gudbrandsdal vgs