Jobbskygging på Åland

Avdelingsleiar Heidi Evjenth Holen har vore på jobbskygging på Ålands yrkesgymnasium.  Der lærte ho meir om utdanningstilboda som ho sjøl har ansvaret for her på skulen, teknologi- og industrifag, køyretøy og transport og logistikk. 

Ho fekk og eit innblikk i korleis skulen arbeider innan spesialpedagogikk og opplæring av språklege minoritetar.

Kreativ figur med det Ålandske flagget framfor administrasjonsbygget ved Ålands yrkesgymnasium Heidi Evjenth Holen

Mykje minnar om vår eiga yrkesopplæring

Skulen hadde sett saman eit godt program som gav høve til å møte lærarar, spesialpedagogar og elevar ved fleire avdelingar. Ho observerte undervisning ved både Fordon (køyretøy), MPT (maskin- og produksjonsteknikk), og YT (yrkestrening), og fekk innblikk i korleis yrkesutdanninga er organisert. 

Den treårige utdanninga er bygd opp rundt kurs og prøver som leiar fram mot ei avsluttande praktisk og teoretisk vurdering. Mykje av organiseringa og den pedagogiske tenkinga minner om det vi kjenner frå norsk yrkesopplæring.

“Fast-utdanning”

Ho var òg med på Fast-utdanninga (fastighetsskötare), som er tilrettelagd for elevar med behov for særskild støtte. Her starta dagen med eit morgonmøte mellom elevar og lærarar, der trivsel, planar og arbeidsoppgåver blei gjennomgått.

Samtalar med lærarar og spesialpedagogar viste mange likskapar mellom skulane når det gjeld tilrettelegging og spesialundervisning. Ein interessant skilnad er at Nord-Gudbrandsdal vgs. arbeider meir systematisk med overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule.

Snällveggen med gjenbruksklede som blir gjeve bort til elevane Heidi Evjenth Holen

Besøket ved skulens Yrkestrenings- avdeling gjorde særleg inntrykk. Elevane viste fram arbeidsområda sine og fortalde om prosjekt dei arbeidde med. Ho fekk òg høyre om «Snällveggen», gjenbruksordninga til skulen for klede, som både fremjar berekraft og inkludering.

Ho besøkte òg ei anna avdeling der ho møtte andrespråklærar Gabriella, og fekk innblikk i arbeidet med minoritetsspråklege elevar.

Fagleg og personleg utbytte

Besøket gav både fagleg og personleg utbytte. Ho fekk stadfesta at det finst mange likskapar mellom skulane våre, samtidig som ho fekk nye perspektiv på yrkesopplæring, spesialpedagogikk og inkludering. Opphaldet gav skulen nye kjenningar, og verdifulle kontaktar, for framtidig samarbeid.