Invitasjon til møte med føresette

I samband med skulestarten er føresette til Vg1-elevar invitert til møte på skulen.

undefined - Klikk for stort bilete Mostphotos

Sjølv om ungdommen i huset nå er elev på vidaregåande skule, så er de føresette framleis ein veldig viktig støtteperson og ressurs. Det viktigaste vi som vaksne kan gjera er å støtte, og prate positivt om skule og utdanning. 

Tidspunkt for møte

Avdeling Lom

Torsdag 12. september kl. 19.00 - 21.00. 

Oppmøte i Kultursalen (kinosalen) i Utgard.

Avdeling Otta

Tysdag 10. september kl. 18.30 - 20.30

Oppmøte i Otta kulturhus (samlokalisert med skulen)

Møtene blir todelt:

  1. Felles informasjon frå skuleleiing og rådgjevar
  2. Møte med kontaktlærar (på klasserommet)

 

Vi rekner med at du kjem og ser fram til å sjå deg der!