Spennande elevpresentasjonar
Elevar og lærarer i kultursalen
Nord-Gudbrandsdal vgs
Skulen har tradisjon for å arrangere internasjonal delingsøkt, med spennande elevpresentasjonar frå praksisopphald og klasseutvesklinger med ulike partnarar frå heile Europa.
I tillegg har skulen òg teke imot og lagt til rette for fleire besøk. Denne utvekslinga er verdifull for heile skulen, derfor prioriterer skulen å arrangere slike delingsøkter.
Overordna del av læreplan i alle fag handlar om å utvikle eit globalt perspektiv og fremje forståing for andre kulturar og samfunn. Dette står sentralt i alle utreisene og samarbeid vi har gjennomført også dette skuleåret.
Erasmus+ akkrediteringar
Skulen har to Erasmus+ akkrediteringar innan fag- og yrkesutdanning, og på skulesamarbeid. På yrkesfag betyr det at vi kan tilby elevar 14 dagars arbeidspraksis i eit anna land, som ein del av YFF-faget. På studieførebuande kan vi leggje til rette for elev- og klasseutveksling med ein annan samarbeidsskule i Europa.