Nathalie Markrud Sletten i praksis i Dovre barnehagePraktisk erfaring gjennom utplassering
Elevar som vel denne retninga får praktisk erfaring gjennom utplassering i barnehagar og skular. Dette gir dei innsikt i arbeidsoppgåvene og ferdigheiter som trengst for å skape trygge og gode oppvekstmiljø for barn og ungdom.
Kommunane i Norddalen har eit stort behov for lærlingar i faget, og det er gode jobbmoglegheiter etter enda utdanning. Her kan du verkeleg gjere ein skilnad i barns liv, samtidig som du får ein givande og variert arbeidskvardag.
Vi treng lærlingar!
Styrar i Dovre barnehage, Marthe Lyngstad Brenden og pedagogisk leiar Carina Lindsø er krystallklare: «Vi treng lærlingar! Barnehagane har stort behov for tilsette med fagkunnskap!»
Praksis på avdeling Gul i Dovre Barnehage
BUA-elev Nathalie Markrud Sletten har praksis på avdeling Gul, med barn i alderen 1-3 år. Der trivst ho veldig godt, og er glad for å høyre at sjansen til å få læreplass er stor.
![Bilde av ansatte, elev fra vgs. sitter rundt et bord - Klikk for stort bilete](/handlers/imageshop.ashx?src=https%3a%2f%2fv.imgi.no%2fm4bddezrb3&d=.jpeg)