Frå og med skuleåret 2025/2026 kan du ta ei utdanning innan sal, service og reiseliv gjennom det vi kallar alternativ opplæringsmodell.
Du kan ta utdanning som
Kva er alternativ opplæringsmodell?
Alternativ opplæringsmodell betyr at du kan gå ut som lærling i 3 år, etter å ha gjennomført Vg1 sal, service og reiseliv.
Dette er eit alternativ til det vanlege skuleløpet for elevar på yrkesfag, som er 2 år i skule og 2 år som lærling.
På grunn av for låge søkartal over tid, er Vg2 sal, service og reiseliv nedlagd ved skulen vår. Men det er stort behov for arbeidskraft i reiselivsbransjen i regionen, og det er difor utvikla ein alternativ utdanningsveg inn i eit svært viktig og spennande yrke!
Tett samarbeid med opplæringskontor
Vi jobbar tett med fleire opplæringskontor.
Korleis er utdanninga lagd opp?
Du går Vg1 i skule og har deretter eit læreløp over 3 år med undervisningsstøtte frå skulen. Vi har avtaler med lærebedrifter om intervju og tilbod om læreplass.
Modellen baserer seg på lærekontrakt med full opplæring i bedrift etter Vg1 (FOB1) med digital supplerande programfagundervisning frå skulen i læretida.
Dette er den førebelse modellen for alternativt opplæringsløp i reiselivsfag, vedtatt av fylkestinget i 2024:
År 1
- Ordinært Vg1 i skule
- YFF (yrkesfagleg fordjuping) i lærebedrifter med avtale
År 2
- 2 dagar i veka er du elev i skule i to fellesfag på Vg2 på nærskulen.
- 0,5 dagar i veka får du digital undervisning på skulen eller via nettskule i programfag/overordna del.
- 2,5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
År 3
- 4,5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
- 0,5 dagar i veka får du digital undervisning skulen eller via nettskule, eller har studiedag i programfag.
År 4
- 5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
Meir informasjon
Ta kontakt med ein rådgivar på skulen eller sjå kontaktinformasjon nedst på sida.