Om Nord-Gudbrandsdal vidargåande skule

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule tilbyr totalt sju utdanningsprogram på dei to skulestadane Otta og Lom frå august 2024.

På heile Nord-Gudbrandsdal vgs er det til saman ca. 100 tilsette og ca. 360 elevar. 

Otta

Skulestaden Otta tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, idrett, teknologi- og industrifag, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, og sal, service og reiseliv. 

I tillegg kjem påbygg til generell studiekompetanse og kombinasjonsklasse for ungdom mellom 16 og 24 år med kort butid i Noreg.

Avdeling Otta med kulturhus ligg tett ved Otta sentrum med idrettshall og nye idrettsanlegg.

Lom

Skulestaden Lom har utdanningsprogramma bygg- og anleggsfag og studiespesialisering. 

Studiespesialisering ved skulestaden Lom er lokalisert saman med kulturhuset på Utgard. Byggfagavdelinga ligg i eige lokale nokre hundre meter frå Utgard.

Målet vårt

Skulen har som mål å gi ungdom i regionen eit godt og desentralisert skuletilbod gjennom felles løysingar og samarbeid med lokalt næringsliv. Vi samarbeider tett med Karriere Gudbrandsdal og har fleire internasjonale utvekslingsprosjekt.

Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.