På restaurant- og matfag får du lære alt frå råvarekunnskap til matlaging, baking og servering – og du får erfaring som gir deg ein smakebit på eit yrkesliv med både kreativitet, fagleg stoltheit og framtidsutsikter.
Kvifor velje dette læreløpet?
Er du praktisk anlegd, kreativ og nøyaktig – og likar du å skape matglede for andre? Restaurant- og matfag ved vår skule gir deg eit solid grunnlag for å utvikle dine ferdigheiter, både på kjøkkenet og i møte med gjestar. Her lærer du meir enn berre teknikk – du blir del av eit fagmiljø med eit tydeleg yrkesfagleg fokus.
Kva får du lære?
- Kosthald og ernæring – forstå korleis maten påverkar kroppen og helsa.
- Råstoff og produksjon – lær om kvaliteten i råvarer og heile tilverkningsprosessen.
- Planlegging og tilbereding av mat – frå norske tradisjonar til internasjonale smakar.
- Servering og borddekking – teknikkar som gir profesjonelt inntrykk.
- Etikk og gjestebehandling – lær respekt, service og god kundebehandling.
Karrieremoglegheiter
Etter gjennom utdanninga kan du jobbe som:
- Kokk (inkludert institusjonskokk)
- Servitør
- Bakar eller konditor
- Fagarbeidar i næringsmiddelindustrien
- Pølsemakar, slaktar eller kjøttskjærar
Kvifor velje restaurant- og matfag hos oss?
Frå første dag: Du får praktisk erfaring med matlaging, servering og fagleg stoltheit, kombinert med det du lærer teoretisk.
Yrkesretting og relevans: Læringsløpet er lagt opp for å spegle dagens yrkeskrav – og å gjere deg aktuell i arbeidslivet.
Nærleik til arbeids- og næringsliv: Skulen har tett kontakt med lokale og regionale aktørar innan matbransjen – både bedrifter og offentlege instansar. Dette sikrar at du får relevant og praksisnær opplæring som gir deg ein flytande overgang til yrke eller vidare studium.
Internasjonalisering: Som elev hos oss får du òg moglegheit til å delta i utveksling og praksisopphald i utlandet gjennom Erasmus+-programmet. Her får du oppleve andre matkulturar, styrkje språkferdigheiter og bygge internasjonal erfaring som gjer deg ekstra attraktiv på arbeidsmarknaden.
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram
Informasjonsfilmar om restaurant- og matfag
Vg1 restaurant- og matfag
Informasjonsfilm frå FORM
FORM - Foreningen for opplæringskontorene i restaurant- og matfag
Fleire filmer og meir informasjon
På nettsida til Nasjonal digital læringsarena (NDLA) kan du sjå fleire filmar og lese mer om restaurant- og matfag.
Skulen sitt tilbod på Vg1:
Skulen sitt tilbod på Vg2:
Frå og med skuleåret 2025/2026 kan du ta utdanning innan restaurant- og matfag gjennom det vi kallar alternative opplæringsmodellar.
Du kan ta utdanning som
- kokk
- ernæringskokk
- servitør
- kjøttskjerar
- fagarbeidar, industriell matproduksjon
Kva er alternativ opplæringsmodell?
Alternativ opplæringsmodell betyr at du kan gå ut som lærling i 3 år, etter å ha gjennomført Vg1 restaurant- og matfag.
Dette er eit alternativ til det vanlege skuleløpet for elevar på yrkesfag, som er 2 år i skule og 2 år som lærling.
På grunn av for låge søkartal over tid, er Vg2 kokke- og servitørfag no nedlagde ved skulen vår. Men det er stort behov for arbeidskraft i mat- og restaurantbransjen i regionen, og det er difor utvikla ein alternativ utdanningsveg inn i svært viktige og spennande yrke!
Tett samarbeid med opplæringskontor
Vi jobbar tett med fleire opplæringskontor, og særleg Opplæringskontoret Brimi-kjøken vil få ei viktig rolle i utdanninga av deg som lærling.
Korleis er utdanninga lagd opp?
Du går Vg1 i skule og har deretter eit læreløp over 3 år med undervisningsstøtte frå skulen. Vi har avtaler med lærebedrifter om intervju og tilbod om læreplass.
Modellen baserer seg på lærekontrakt med full opplæring i bedrift etter Vg1 (FOB1) med digital supplerande programfagundervisning frå skulen i læretida.
Dette er den førebelse modellen for alternativt opplæringsløp i mat- og restaurantfag, vedtatt av fylkestinget i 2024:
År 1
- Ordinært Vg1 i skule
- YFF (yrkesfagleg fordjuping) i lærebedrifter med avtale
År 2
- 2 dagar i veka er du elev i skule i to fellesfag på Vg2 på nærskulen.
- 0,5 dagar i veka får du digital undervisning på skulen eller via nettskule i programfag/overordna del.
- 2,5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
År 3
- 4,5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
- 0,5 dagar i veka får du digital undervisning skulen eller via nettskule, eller har studiedag i programfag.
År 4
- 5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
Meir informasjon
Ta kontakt med ein rådgivar på skulen eller sjå kontaktinformasjon nedst på sida.
Du kombinerer eit år i skule med tre år som lærling i bedrift.
Skulen sitt tilbod på Vg3:
Les meir om restaurant- og matfag på vilbli.no
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.
Restaurant- og matfag ved Nord-Gudbrandsdal vgs