Med rundt 80 tilsette og 350 elevar, kombinerer vi moderne fasilitetar med nært samarbeid med lokalsamfunn og næringsliv for å gi deg gode moglegheiter til læring, vekst og framtid.
Vårt utdanningstilbud
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på Otta tilbyr eit variert utdanningsløp innan både studieførebuande og yrkesfaglege retningar.
Hos oss kan elevar velje mellom:
- Helse- og oppvekstfag
- Idrettsfag
- Restaurant- og matfag
- Sal, service og reiseliv
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
Vi har òg påbygging til generell studiekompetanse, samt ei kombinasjonsklasse for ungdom mellom 16 og 24 år med kort butid i Noreg.
Skulen ligg sentralt til nær Otta sentrum, med moderne undervisningslokale, tilgang til kulturhus, idrettshall og nye idrettsanlegg. Dette gir gode rammer for både læring, fysisk aktivitet og kulturopplevingar.
Dette står vi for
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skal vere ein inkluderande og framtidsretta skule for ungdom i heile regionen. Vi tilbyr eit desentralisert og variert utdanningstilbod som er tett knytt til både lokalsamfunnet og arbeidslivet.
Gjennom samarbeid med lokalt næringsliv og Karriere Innlandet Gudbrandsdal legg vi til rette for relevante og praktiske læringsarenaer. I tillegg deltek vi i fleire internasjonale prosjekt som gir elevane verdifull innsikt, språkutvikling og nye perspektiv.
Vi ønsker å gi alle elevar eit godt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking i samfunnet – både lokalt og globalt.
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.