Helse er eit samansett omgrep, og helsesjukepleiar arbeider med alt som gjeld fysisk, psykisk, sosial og seksuell helse. Helsesjukepleiar har teieplikt etter lov om helsepersonell.
Det er låg terskel for å ta kontakt, anten ved å kome innom kontoret eller via SMS, Teams eller InSchool. Du er sjølv ansvarleg for å oppsøkje tenesta.
Kontortid
Helsesjukepleiar er vanlegvis til stades måndagar frå kl. 08.00 til 15.30, og halve onsdagen frå kl. 08.00.
Kontaktinformasjon
Vi får ny helserådgjevar. Kontaktinformasjon kjem.
Førebyggjande og helsefremmande arbeid
Helsesjukepleiar ved vidaregåande skular i Innlandet fylkeskommune er formelt tilsett i kommunane. Kommuneoverlegen er medisinsk-fagleg rådgjevar for skulehelsetenesta. Helsesjukepleiar er ein del av elevtenesta ved skulen.
Skulehelsetenesta sitt tilbod skal styrkje ungdom sine ferdigheiter til å meistre kvardagen, auke trivsel og mestring, som igjen har positiv påverknad på helsa.
Psykisk helse
Psykisk helse handlar om tankar og kjensler. Alle har ei psykisk helse, og den påverkar korleis vi har det heile tida. Helsesjukepleiar kan gje støtte og samtale om tema knytt til psykisk helse.
Det kan bli vanskelegare å handtere livets utfordringar dersom den psykiske helsa ikkje blir tatt vare på. Stress, nedstemtheit, angst, dårleg sjølvbilete, familieproblem som vald, overgrep og rus er døme på belastningar som påverkar helsa negativt. Dette kan vise seg gjennom søvnvanskar, sjølskading eller manglande glede.
Fysisk helse
Fysisk helse handlar om sjukdom, skadar og korleis vi kan ta vare på kroppen for å halde oss friske. Helsesjukepleiar kan hjelpe med utfordringar kring smerter, sjukdom, tobakk/snus, kosthald og fysisk aktivitet.
Seksuell helse
Helsesjukepleiar gir rettleiing om kjønnsidentitet, seksuelt overførbare infeksjonar, mistanke om graviditet, forelsking og kjærleikssorg.
Helsesjukepleiar gir prevensjonsrettleiing og har føreskrivingsrett på hormonell prevensjon for dei over 16 år.
Sosial helse
Dårleg økonomi og buforhold er faktorar som påverkar den sosiale helsa vår.
Helsesjukepleiar jobbar med førebyggjande og helsefremjande arbeid, både individuelt og i klassen.
Tverrfagleg samarbeid
Helsesjukepleiar har godt samarbeid med pedagogisk personale og resten av elevtenesta. Helsesjukepleiar har kontakt med andre helsetenester i kommunen og sørgjer for at dei som treng spesialisert hjelp, blir vist til rett instans.
Vg1-elevane møter helsesjukepleiar i samband med «Drømmeklassen» ved skulestart. Besøk hjå elevtenesta reknast ikkje som fråvær.
Legeordning
Hybelbuande elevar vert oppmoda til å skaffe seg fastlege i kommunen der dei bur.
Helsesjukepleiar kan hjelpe, og du kan òg gå inn på helsenorge.no eller ringje fastlegetelefonen på 810 59 500.