Miljøarbeidar

Miljøarbeidaren skal drive førebyggande arbeid, og følgje opp elevar enkelt- og gruppevis. Miljøarbeidaren skal vera ein tydeleg vaksenperson for elevane.

Bilde av miljøarbeider Erlend Lyngved klar for en bordtenniskamp med elevene - Klikk for stort bileteMiljøarbeidar Erlend G. Lyngved

Erlend Gudbrandstuen Lyngved er miljørarbeidar ved Nord-Gudbrandsdal vgs.

Han bidreg til trivsel og tryggleik i skulekvardagen, og følgjer opp elevar både sosialt og fagleg.

Kontaktinformasjon: 

 

Ta gjerne kontakt – det er låg terskel for å spørje!

Ein miljøarbeidar...

  • skaper tryggleik og trivsel i skulekvardagen 
  • hjelper med helsefremmande arbeid 
  • er bindeledd mellom elevar og til dømes elevteneste og lege 
  • følgjer opp hybelbuarar

Aktivitetstilbod og samlingar

Skulen sin miljøarbeidar arbeider med ulike aktivitetstilbod for elevane på tvers av utdanningsprogram. Miljøarbeidaren kan til dømes arrangere frukostar og ettermiddagssamlingar.

Oppfølging og tryggleik

Miljøarbeideren bistår elevrådet ved skulen og kan hjelpa lærarane med å handtere konfliktsituasjonar og andre utfordringar i klassemiljøet. 

Miljøarbeideren følgjer opp skulen sine hybelbuarar, og kan vera ein del av samarbeidet mellom heim og skule. Miljøarbeideren samarbeider mellom andre med politikontakten, og er involvert i "Drømmeskolen".

"Drømmeskulen" er eit program i regi av Voksne for barn. Her er medlemmar av ressursgruppa inne i klassane gjennom året. Dei er også med på å arrangere sosiale tilstelningar.