Velkomen til skulestart!

Måndag 17. august startar eit nytt skuleår. Her finn du nyttig informasjon som du treng i skulestarten.

Oppmøtetidspunkt og stad for alle tre skulestadene

Avdeling Dombås

Alle elevane møter i kantina kl. 08.10. Der treffer elevane kontaktlærarane.

Avdeling Lom

Alle elevane skal møte i Utgard kl. 09.00. Der vil elevane treffe kontaklæraren sin som vil følgje dei til klasserommet og gjere greie for opplegget resten av dagen.

Avdeling Otta 

Alle elevane møter kl. 08.30. Alle blir møtt av elevmentor og kontaktlærarar (med skilt) på området utanfor hovudinngangen til skulen. 

Koronatilpassa skulestart

Nasjonale myndigheiter har innført ein trafikklysmodell for å ivareta smittevern. Trafikklysa med grønt, gult og raudt nivå viser kva for smitteverntiltak som gjeld for skulene for dei ulike nivåa. Smittesituasjonen er på gult nivå ved skulestart.

Gult nivå: 
Heile skoleklasser kan være samla, og alle elevar skal få eit fulltidstilbod på skulen med vanlege skuledagar. Skulegarden kan bli delt opp for å skille klassene frå kvarandre. Elevar og lærerar må unngå håndhelsing, klemming og store samlingar.

Les meir om skulestart og koronasituasjonen

Elev-PC

Illustrasjon skolestart - Klikk for stort bildeIllustrasjon skolestart Mostphotos Alle elevar i vidaregåande skule må ha ein berbar datamaskin til bruk i skulearbeidet.

Du treng ikkje å gjere noko før skulen startar, men rett etter skulestart må du velje kva for ei ordning du vil ha:

1. Elev-PC frå Innlandet fylkeskommune

Du kan bruke ein berbar PC frå fylkeskommunen mot å betale ein årleg eigendel som motsvarer den lågaste satsen på utstyrsstipendet frå Lånekassen (1071 kroner komande skuleår). 

PC-en blir din når du har betalt den årlege eigendelen i tre år.

2. Eigen datamaskin

Du kan bruke din eigen private datamaskin, viss den har skjerm og yting som tilfredsstiller krava innanfor utdanningsprogrammet ditt. 

Les meir om PC-ordninga

Visma InSchool

Visma InSchool (VIS) er eit nytt skoleadministrativt system som innførast i alle vidaregåande skuler i Innlandet i høst. Visma InSchool vil være ein stor del av skulekvardagen din.

Du vil sjå viktig informasjon som timeplan, fråvær, anmerkningar og karakterar. Du kan også levere digitale søknader, gjennomføre fagval og utføre mange andre handlingar i systemet. 

Les meir om Visma InSchool og sjå introduksjonsvideo

Gratis læremiddel

Fylkeskommunen har ansvar for at alle elevar får låne nødvendige trykte og digitale læremiddel.

Du får du låne dei lærebøkene du treng i opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skulestart og skal leverast inn igjen før skuleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagt.

Les reglementet for utlån av lærebøker

Lån og stipend

Alle elevar i vidaregåande skule kan søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.

Les meir om lån og stipend

Skuleskyss

Alle elevar i vidaregåande skule som treng skuleskyss til og frå skulen må søke om det kvart år. Du har krav på gratis skuleskyss dersom du bur meir enn 6 km frå skulen.

Du må søke sjølv via «MinSkyss» som er ei nettbasert løysing. Det er viktig at du følgjer med på statusen for søknaden din. 

Les meir om skuleskyss i vidaregåande skule

Skulebevis

Alle elevar skal bruke PocketID skulebevis på mobilen. Du lastar ned appen i App Store eller Google Play. Du får meir informasjon i løpet av den første skuleveka.

Les meir om PocketID skulebevis

Skuleferiar og fridagar

Her ser du skuleruta for kommande skuleår

Reglement og rutinar

Lurer du på noko rundt fråvær, ordensreglementet, eller kva for rettar og plikter du har som elev i vidaregåande skule? 

Les reglement og rutinar som gjeld for deg som elev

Hjelp og rådgiving

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skulekvardagen? Skulen har fleire typer rådgivarar som kan hjelpe deg. 

Les meir om rådgivartenesta ved skulen

Parkering

Det er avgrensa med parkeringsplassar ved skulen. Vi oppfordrar alle til å bruke alternativ transport.

Les meir om parkering ved skulen

Personvern

For å kunne kommunisere med føresette blir det innhenta informasjon om føresette frå Folkeregisteret.

Les meir om korleis Innlandet fylkeskommune behandler personopplysningar

Signaturark/returskjema

Første skuledag får du eit signaturark som du skal skrive under på og levere tilbake til skulen. Dersom du er under 18 år, må også minst ein av dine føresette signere. Signaturen bekreftar at du og dine føresette er kjende med viktig informasjon og kva for ei avtale du inngår om berbar datamaskin.

Signaturarket leverast ut i 2 (to) eksemplar og begge arka skal underskrivast av deg. Det eine eksemplaret leverast til skulen og det andre eksemplaret behalder du sjølv.

Helsing frå rektor

Rektor Kristin Undseth ønskjer deg velkomen til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule!

Les helsinga frå rektor

Velkomen til skulestart!

Til toppen