Ungdataundersøkinga 2024

Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 10 til 12. Her er informasjon til elevar og føresette.

I 2024 blir spørjeundersøkinga Ungdata gjennomført i Innlandet blant elevar på vidaregåande skule. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det, og kva dei driv med på fritida.

Undersøkinga blir gjennomført i løpet av perioden 4.–22. mars. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Innlandet, er det viktig at så mange som mogleg deltek.

Kvifor har vi undersøkinga?

Ungdataundersøkinga blir gjennomført for å:

  • gje ungdommar som går på vidaregåande skule ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter korleis det er å vekse opp i dag
  • gi kunnskap som kan brukast i arbeidet i kommunen og fylket med å gjere oppvekstsituasjonen til ungdom betre
  • skaffe forskingsdata for å få meir kunnskap om oppvekstsituasjonen for unge lokalt, nasjonalt og over tid

Kva spør vi om i Ungdata?

  • venner, fritid og mediebruk
  • familie, skule og nærmiljøet
  • helse, trivsel og livskvalitet
  • mobbing, vald og trakassering
  • regelbrot og rusmiddelbruk
  • kjønn, klassetrinn og familiebakgrunn (til dømes landsbakgrunn/etnisitet, busituasjon og utdanningsnivået til føresette)

Du kan få tilsendt det fullstendige spørjeskjemaet ved å kontakte regionalt kompetansesenter på rusfeltet (KoRus).

Les meir om Ungdataundersøkinga

Korleis blir Ungdata gjennomført?

  • Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga, med ein vaksen til stades.
  • Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på Ungdatas svarside med ein tilfeldig eingongskode. Koden kan ikkje knyttast til den som svarer.
  • Elevane svarer ved å krysse av i spørjeskjemaet.
  • Spørsmåla og svara i spørjeskjemaet kan bli lesne opp for dei som ønsker det. Dette føreset bruk av hovudtelefonar.

Det er frivillig å delta

  • Ungdom vel sjølv om dei vil delta eller ikkje.
  • Elevane kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønsker svare på, og kan slutte å svare undervegs dersom dei ønsker det.
  • Føresette til elevar under 18 år kan reservere sin ungdom frå å delta ved å gi beskjed til kontaktlærar/skulen før undersøkinga startar. Føresette kan få tilsendt spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus.

Om personvern

  • Alle svar vil bli behandla fortruleg og ingen enkeltpersonar vil bli gjenkjende når resultat frå undersøkinga blir publiserte.
  • Personopplysningar vil bli oppbevarte på ein sikker stad fram til utgangen av 2028, der berre berre nokre få personar har tilgang. Frå 2029 blir data anonymisert og arkivert for vidare bruk i forskings- og utviklingsarbeid.
  • Deltakarane har rett til å be om å få sjå kva personopplysningar som er registrerte om dei og kan òg be om retting og sletting. Sjansen er liten for at rettane kan oppfyllast, sidan det ikkje blir samla inn namn eller andre direkte personopplysningar. Deltakarane har rett til å protestere og klage til Datatilsynet.
  • Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar er at Ungdata varetar viktige samfunnsinteresser og at formålet er forsking.
  • Personverntenesta Sikt (personverntenester@sikt.no) har vurdert at behandlinga av personopplysningar er i samsvar med personopplysningslova.

Les meir om personvern og forskingsetikk på nettsida til Ungdata

Beredskap

Skulehelsetenesta vil ha beredskap etter undersøkinga for elevar som måtte trenge det.

Ansvarleg for undersøkinga

Undersøkinga blir gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og KoRus Øst, på oppdrag frå Innlandet fylkeskommune.

Kontaktpersonar

Ungdatakoordinator:

Arild Lishagen Myhre, rådgjevar

Kontaktperson ved KoRus:

Jørn Danielsberg spesialrådgjevar, KoRus Øst

Klikk for stort bilete