Inspirerande foredrag på skulen

Stein- og bergverksindustri har i mange år vore viktig for utviklinga i områda rundt oss. 

Inspirerande foredrag av Kjell Voldheim - Klikk for stort bileteInspirerande foredrag av Kjell VoldheimNo har skulen hatt besøk av Kjell Voldheim, som har lært oss om industrien si historie i nærområdet vårt. Heilt sidan vikingtida har menneskja brukt stein, og når eit av landets fyrste koparverk opna på Selsverket i 1642 vart malm viktig for folket.

Geografifaget 

Elevar på Vg1 studiespesialisering og Vg2 idrettsfag har geografi som eitt av deira programfag. Eitt av måla med faget er at eleven skal kunne «gjere greie for korleis indre og ytre krefter har danna ulike landskap, og utforske og gi døme på korleis menneska som bur der kan utnytte ressursane».  

No har elevane arbeidd med ei større oppgåve der dei skal velje to ulike ressursar som til dømes stein- og bergverk og mineral og gjere greie for korleis dei kan nyttast. Dei skal også sjå det i eit berekraftsperspektiv.  

Kjell Voldheim holdt et inspirerende foredrag for våre elever - Klikk for stort bilete

Kjell Voldheim holdt et inspirerende foredrag for våre elever - Klikk for stort bilete

Kjell Voldheim holdt et inspirerende foredrag for våre elever - Klikk for stort bilete

Inspirerande foredrag 

Som ein del av eit større prosjekt om Nordens ressursar, var det tid for å studere dei lokale stein- og bergverksressursane. Onsdag 7. desember 2022 hadde faglærar Lene Sørbråten i samarbeid med Foreningen Norden invitert Kjell R. Voldheim til skulen for å halde føredrag. Voldheim har i mange år interessert seg for stein- og bergverksindustri, og dei siste 12 åra har han vore tilslutta Gudbrandsdalsmusea.  

Han har arbeidd mellom anna med registrering av gamle gruver og bergverk, og har gjort denne informasjonen tilgjengeleg for kommunane. Føredraget har han valt å kalle «Stein og bergverk som ressurs». 

Hovudtema i føredraget var: 

  • geologi 
  • kleberstein 
  • malm 
  • skifer 
  • kalk og kvernstein  

Skiferindustrien på Otta 

Ei viktig del av stein- og bergverksindustrien er skiferbrota. Det var tidlegare skiferbrot på Ottekra, no kjenner vi mellom anna Pillarguritoppen, Nordheradslie som viktige skiferbrot i området. 

Når du kjem til skulen er Otta kulturhus noko av det fyrste du ser. Kulturhuset er kledd i Ottaskifer, noko som eigentleg er ganske naturleg her. Det har vore utvinna skifer så lengje som det har budd folk i området. 

Men, visste du at golvet på Oslo lufthamn, Mariaklosteret på Tautra, Boston Public Library og Darthmouth College i New Hampshire også er kledd med nettopp ottaskifer? Ottaskifer er nemleg kjend langt utanfor kommunegrensa.  

Skiferen er kjend for kløyven som ofte er vinkelrett. Dette gjer at skiferen er flat, og eignar seg godt til å kle fasadar med. Vi kjenner òg skifer som taktekke, i mur, piper og som dekorative detaljar innomhus. I Otta sentrum er det lagt skifer på fotgjengarovergangane. 

Gode spørsmål frå elevane 

I etterkant av føredraget som vara i om lag 90 minutt var det mogleg for elevane å stille spørsmål til Voldheim. Elevane viste tydeleg interesse, og var opptekne av berekraft i utvinninga av ressursane. Nokre elevar kunne òg fortelje at dei hadde besteforeldre og oldeforeldre som har arbeidd med utvinning av skifer, malm og kleber.  

«Spesielt skifer er svært berekraftig, fordi det framleis er mykje å ta av. Kleber derimot har dessverre gått frå å bli eksportert frå Otta til India, til å bli importert frå det same landet», seier Voldheim.  

Samarbeid med Foreningen Norden 

Føredraget blei arrangert i regi av Foreningen Norden sitt lokallag i Sel kommune. Foredraget var ope for alle, og elevane som har geografi besøkte foredraget som del av undervisninga. Takk til Foreningen Norden og Kjell Voldheim for at vi fekk ta del i dette.  

Logo Foreningen Norden - Klikk for stort bilete