Noregs mest moderne skolebygg
Rektor Olav N. Haugen var både stolt og letta der han heldt opningstalen oppe frå hemsen. I ni år hadde undervisninga vore spreidd på opptil åtte ulike plassar på Otta. Nå kunne alt samlast i eit av Noregs mest moderne skolebygg.
Fasilitetane var det ingen grunn til å klage på
Rett nok var det berre A-blokka som vart teken i bruk da; B-blokka med sine tre verkstader sto klar først til skolestarten same år. Men all teoriundervisninga var på plass, og fasilitetane var det ingen grunn til å klage på: Her var eit stort bibliotek med lesesal, laboratorium for fysikk, kjemi og biologi, språklaboratorium, ein fullt utstyrt øvingsbutikk, øvingskontor, øvingskjøkken og stor kantine. Skolen hadde også topp moderne audio-visuelt utstyr og noko som var nytt og ukjent for mange: EDB-maskinar – elektronisk databehandling!
Avisutklipp fra Gudbrandsdølen 04.03.1981:
