Elevar i praksis på Kreta

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule søkjer og får tildelt midlar gjennom Erasmus +, EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett.   

null - Klikk for stort bilete

I praksis i Kissamos/ Chania

Elevar frå Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag og Vg2 helsearbeiderfag har vore i praksis i Kissamos/Chania, Kreta. To lærerike veker er snart over.

Ankom Chania 22. april 2023

Ankom flyplassen i Chania 22. april på kvelden, deretter vidare med buss til Kissamos der elevane skulle bu og arbeide dei neste to vekene.

Ein forskjell å ha praksis på Kreta i forhald til Norge

Fyrste arbeidsdag var det informasjon på sjukeheimen, elevane som skulle til barnehagen var «heldige» og fekk eit innblikk i arbeidet der, før dei fekk starte opp i barnehagen. Det er ein forskjell å ha praksis på Kreta i forhald til Norge, og det er noko av læringa.

Elevane fekk delta i det meste på sjukeheimen, dei deltok i pleie og stell, akkurat som praksis heime.  Etter kvart vart dei godt kjend med dei eldre brukarane,  litt sårt blir det når dei skal reise frå dei. Elevane som var i barnehagen fekk også oppleve forskjell.

I Norge er det mykje frileik, på Kreta var det meir skule og dei vaksne bestemte for det meste kva som skal skje til kvar tid og ungane hadde lita tid ute.

Elevane blir godt kjend både med ungane og dei vaksne, så nokre tårar kjem nok på siste arbeidsdag. Språk er den største utfordringa, da dei ikkje pratar så godt engelsk og vi ikkje gresk, men det gjekk godt likevel.

Elever står oppstilt framfor sykehjemmet de har vært i praksis på - Klikk for stort bilete

Elever står oppstilt framfor barnehagen de har vært i praksis på - Klikk for stort bilete

Lesarbrev frå elevane kjem

Håpar på eit fyldig lesarbrev når elevane kjem attende til Norge.

Artig og lærerikt å få vere med elevane på tur. Gode representantar å ha med seg frå Nord-Gudbrandsdal vgs. og for region Nord-Gudbrandsdal. 

Elever sitter rundt et bord å spiser middag  - Klikk for stort bilete

Kirsti Myrhaug
Faglærar