Avdeling Otta: Drift torsdag og fredag veke 17

Koronavirus - Klikk for stort bilde Folkehelseinstituttet Etter beskjed frå kommuneoverlege i Sel, så har nå Sel kommune oppjustert risikonivået til nivå 4 frå og med i morgon torsdag 29. april 2021.

Dette betyr drift på raudt nivå att for oss

Torsdag: Alle klassar har Teams.

Fredag: Fysisk undervisning for Vg1 (1SSR og 1HOB etter avtale med kontaktlærarar), digital undervisning for Vg2-3.

I påvente av prøvesvar

Mange elevar testar seg i dag onsdag, og vi kjører derfor Teams torsdag i påvente av prøvesvar som forhåpentlegvis kjem i løpet av morgondagen.

Avbryt praksis innan helse, skule / barnehage

Alle elevar som har praksis innan helse, skule / barnehage (uansett kommune), må avbryte denne nå.

HUGS AVSTAND, SPRITING OG VASK AV PULTAR! UNNGÅ MANGE NÆRKONTAKTAR PÅ FRITID!

Til toppen