Teknologi- og industrifag passer for deg som er praktisk anlagt, har godt handlag og liker å jobbe med maskiner, verktøy og ny teknologi.
Du lærer å produsere, vedlikeholde og reparere teknisk utstyr og får innsikt i automatisering, transport og kjemiske prosesser.
Kven passar dette for?
Er du sjølvstendig, nøyaktig og interessert i teknologisk utvikling? Då kan teknologi- og industrifag vere noko for deg. Du bør trivast med praktisk arbeid og ha interesse for mekanikk, elektronikk og produksjon.
Kva lærer du hjå oss?
- Produksjonsplanlegging og prosessforståing
- Automatisering og programmering av robotar
- Bruk og vedlikehald av maskiner og verktøy
- Køyretøy og transport
- Kjemiske prosessar og kjemiteknikk
- Helse, miljø og sikkerheit (HMS)
Kvifor velje Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule?
Hos oss får du eit praktisk og framtidsretta læringsmiljø med moderne verkstad og tett kontakt med lokalt næringsliv. Elevane får utføre reelle arbeidsoppdrag og delta i prosjekt som gir relevant erfaring.
Du kan også ta ein digital 360-graders omvisning i verkstaden vår på Otta.
Klikk her for å ta ein digital tur inn på verkstaden.
Du kan opne døra inn til verkstaden ved å klikke på den.
Skulen sitt tilbod
Vg1: Teknologi- og industrifag
Vg2: Køyretøy, Transport og logistikk, Industriteknologi
Vg3: Påbygging til generell studiekompetanse
Les meir om teknologi- og industrifag på vilbli.no
Kvar kan du ende opp?
Etter fullført utdanning kan du bli:
- Bilmekanikar, billakkerar eller bilskadereparatør
- Industrimekanikar, verktøymakar eller sveisar
- Bore- eller brønnoperatør
- Matros eller motormann
- Landbruksmaskin- eller motormekanikar
- Logistikkoperatør eller yrkessjåfør
- Anleggsmaskinførar eller -mekanikar
- Kulde- og varmepumpemontør
Sjå informasjonsfilmar
Informasjonsfilm om Vg1 teknologi- og industrifag
Informasjonsfilm om Vg2 køyretøy
Informasjonsfilm om Vg2 transport og logistikk
Elevane kan utføre arbeidsoppdrag
Elevane kan utføre reparasjonar og anna arbeid på køyretøy som ein del av undervisninga.
Sjå avtale om arbeidsoppdrag mellom Nord-Gudbrandsdal vgs og oppdragsgivar/kunde
Jørgen Skaug
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.