Kven passar studiet for?
Studiespesialisering passar for deg som er liker å arbeide med teoretiske fag. Du bør vere samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert. Du bør òg vere interessert i kultur- og samfunnsforhold, og like å skrive eller rekne.
Kva fag har du?
I Vg2 og Vg3 vel du sjølv halvparten av timane innanfor nokre reglar.
Les meir og sjå informasjonsfilmar
Informasjonsfilmane finn du ved å klikke på lenkane nedanfor.
Du vel fordjupning innan:
Du kan òg velge fag frå idrettsfag
Informasjonsfilmane for idrettsfag finn du her
Kva lærer du?
Avhengig av fagvala dine, lærer du:
- matematikk og andre realfag
- leiing og økonomi
- historie, politikk og psykologi
- språk
- andre teoretiske fag
Elever på studiespesialisering ved Nord-Gudbrandsdal vgs.Kvifor velge studiespesialisering?
- Studiespesialisering gir eit breitt fagleg grunnlag.
- Studiespesialisering gir generell studiekompetanse. Dette er inngangsbilletten til ei lang rekke studiar ved universitet og høgskular.
- Du blir godt fagleg førebudd til studiar ved høgskular og universitet, både i Norge og utlandet.
- Du kan velge blant programfag innan realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
- Du kan velge programfag som oppfyller spesielle opptakskrav ved inntak til høgskular og universitet.
Døme på kva du kan bli:
- sjukepleiar, lege eller veterinær
- ingeniør, jurist eller økonom
- lærar, psykolog eller journalist
- arkitekt, produktdesignar eller kulturarbeidar
Har du spesielle framtidsdraumar, so sjekk nøye kva fagkombinasjonar du treng før du vel programområde og -fag.
Antal timar i fellesfag
Skulen sitt tilbod:
Les meir om studiespesialisering på vilbli.no
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.