Frå og med skuleåret 2025/2026 kan du ta utdanning innan restaurant- og matfag gjennom det vi kallar alternative opplæringsmodellar.
Du kan ta utdanning som
- kokk
- ernæringskokk
- servitør
- kjøttskjerar
- fagarbeidar, industriell matproduksjon
Kva er alternativ opplæringsmodell?
Alternativ opplæringsmodell betyr at du kan gå ut som lærling i 3 år, etter å ha gjennomført Vg1 restaurant- og matfag.
Dette er eit alternativ til det vanlege skuleløpet for elevar på yrkesfag, som er 2 år i skule og 2 år som lærling.
På grunn av for låge søkartal over tid, er Vg2 kokke- og servitørfag no nedlagde ved skulen vår. Men det er stort behov for arbeidskraft i mat- og restaurantbransjen i regionen, og det er difor utvikla ein alternativ utdanningsveg inn i svært viktige og spennande yrke!
Tett samarbeid med opplæringskontor
Vi jobbar tett med fleire opplæringskontor, og særleg Opplæringskontoret Brimi-kjøken vil få ei viktig rolle i utdanninga av deg som lærling.
Korleis er utdanninga lagd opp?
Du går Vg1 i skule og har deretter eit læreløp over 3 år med undervisningsstøtte frå skulen. Vi har avtaler med lærebedrifter om intervju og tilbod om læreplass.
Modellen baserer seg på lærekontrakt med full opplæring i bedrift etter Vg1 (FOB1) med digital supplerande programfagundervisning frå skulen i læretida.
Dette er den førebelse modellen for alternativt opplæringsløp i mat- og restaurantfag, vedtatt av fylkestinget i 2024:
År 1
- Ordinært Vg1 i skule
- YFF (yrkesfagleg fordjuping) i lærebedrifter med avtale
År 2
- 2 dagar i veka er du elev i skule i to fellesfag på Vg2 på nærskulen.
- 0,5 dagar i veka får du digital undervisning på skulen eller via nettskule i programfag/overordna del.
- 2,5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
År 3
- 4,5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
- 0,5 dagar i veka får du digital undervisning skulen eller via nettskule, eller har studiedag i programfag.
År 4
- 5 dagar i veka er du ute som lærling i bedrift.
Meir informasjon
Ta kontakt med ein rådgivar på skulen eller sjå kontaktinformasjon nedst på sida.