På helse- og oppvekstfag får du lære om omsorg, kommunikasjon og helse – og du blir godt førebudd til vidare utdanning eller yrke der du kan bidra til trivsel, tryggleik og livskvalitet for andre.
Kven passar dette for?
Er du omsorgsfull, likar å samarbeide og er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar? Då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg.
Kva lærer du hjå oss?
- Menneskeleg utvikling: innsikt i korleis vi veks og endrar oss gjennom livet.
- Omsorg og aktivisering: gi støtte og tryggleik til barn, eldre og menneske med funksjonsnedsetjingar.
- Helse og sjukdom: pleie, hygiene, sjukdomslære og smittevern.
- Kosthald og ernæring: korleis mat påverkar helse og livskvalitet.
- Kommunikasjon og samspel: utvikle evna til å møte andre med respekt og forståing.
Kvifor velje Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule?
Hos oss møter du eit inkluderande og trygt læringsmiljø der vi legg vekt på både fagleg utvikling og personleg vekst. Vi har sterke band til lokalsamfunnet, og du får ta del i reelle arbeidssituasjonar heilt frå første året på helse- og oppvekstfag.
På andre året kan du velje mellom barne- og ungdomsarbeidarfag eller helsearbeidarfag. I barne- og ungdomsarbeidarfaget får du praktisk erfaring med å leggje til rette for leik, læring og utvikling for barn og unge. I helsearbeidarfaget lærer du å gje pleie, omsorg og fagleg støtte til menneske i ulike livssituasjonar.
Gjennom prosjekt som Digivenn skaper elevane våre positive endringar ved å hjelpe eldre med å halde kontakten med vener og familie via digitale verktøy. Dette gir både sosial og fagleg læring som er nyttig vidare i arbeidslivet.
I INNOlab, vår arena for kreativitet og nytenking, kan du utforske nye idéar og samarbeide på tvers av fagområde – eit springbrett til framtidas helse- og oppveksttenester.
Tett samarbeid med barnehagar, skular, helsetenester, næringsliv og offentlege aktørar sikrar at utdanninga hos oss er både relevant, praksisnær og framtidsretta.
Internasjonalisering
Som elev på barne- og ungdomsarbeidarfag eller helsearbeidarfag får du òg moglegheit til å delta i utveksling og praksisopphald i utlandet gjennom Erasmus+-programmet.
Her kan du oppleve korleis barnehagar, skular og helseinstitusjonar fungerer i andre land, samtidig som du utviklar språkferdigheiter og interkulturell forståing. Elevane våre har til dømes hatt praksis i Spania og på Kreta der dei har arbeidd på barneskular og i helse- og omsorgstenester.
Dette gir deg ny fagleg innsikt, internasjonale nettverk og ei oppleving for livet – samstundes som du blir ekstra attraktiv på arbeidsmarknaden.
Kvar kan du ende opp?
Utdanninga kan føre deg vidare til yrke innanfor:
- Barne- og ungdomsarbeid
- Helsearbeidarfag
- Ambulansefag
- Helsesekretær, tannhelsesekretær eller apotekteknikar
- Fotterapeut, ortopediteknikar eller hudpleiar
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram
Informasjonsfilm om helse- og oppvekstfag
Filmen informerer om
- Vg1 helse- og oppvekstfag
- Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
- Vg2 helsearbeidarfag
Film om Digivenn
Prosjektet Digivenn motverkar einsemd og bruker moderne kommunikasjonsteknologi for å knyte eldre tettare saman med venner og familie.
Fra øving i helse- og oppvekstfagSkulen sitt tilbod på Vg1:
Skulen sitt tilbod på Vg2:
Skulen sitt tilbod på Vg3:
Les meir om helse- oppvekstfag på vilbli.no
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.