
Kven passar studiet for?
Bygg- og anleggsteknikk passar godt for deg som er praktisk innretta og har godt handlag. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig vere god til å samarbeide med andre. Du må vere nøyaktig i det du gjer, og like å jobbe utandørs.
Kva lærer du?
- tømring
- betongarbeid
- muring
- rørleggararbeid
- blikkenslagararbeid
- målarfaget
- anleggsfaget
Døme på kva du kan bli:
- tømrar, betongarbeidar, murar, taktekkar
- rørleggar, blikkenslagar, målar
- anleggsmaskinførar
- banemontør
- trevare- eller bygningsfagarbeidar
- anleggsgartnar
- byggdriftar
Alternativ opplæringsmodell for tømrarfaget
Dei som no går Vg1 bygg-og anleggsteknikk får høve til å søkje på ein alternativ opplæringsmodell i bedrift kombinert med skule. Denne modellen er alternativ fordi normalt går ein eitt år til i skule, for deretter å vore lærling i to år i bedrift. Her blir det i staden eitt år i skule og tre år i bedrift.
Lærekontrakt med bedrift
Modellen krever at ein er i kontakt med ei bedrift, og at den bedrifta er villig til å skrive ein lærekontrakt. Det kan ta litt tid å få på plass ein slik kontrakt. Eleven og skulen må jobbe saman om dette.
Søkje på dette alternativet innan fristen 3. mars
Det viktigaste er å søkje på dette alternativet innan fristen 3. mars, så forheld vi oss til kontraktane etter kvart som dei kjem inn. Siste frist er 1. juli. Dei som ønskjer ein slik alternativ modell, må ha dette som førsteønske på søknaden.
Ingen har ein lovfesta rett til å få tilbod om ein alternativ opplæringsmodell.
Elevinntak til Vg2 i skule
Elevane må i tillegg søkje Vg2 i skule. Dei som har søkt om alternativ opplæringsmodell på førsteønske, men ikkje fått nokon avtale med ei bedrift innan 1. juli, vil delta i elevinntaket til Vg2 i skule (på eit lågare ønske på søknaden). Dei som har skrive ein lærekontrakt med ei bedrift innan 1. juli ,på førsteønske på søknaden, kjem ikkje til å delta vidare i elevinntaket til Vg2 i skule.
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.