Skulen si historie

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er ein moderne skule med djupe røter i norddalsbygdene.

Dombås

Hjerleid opplevde nokre år med motgang. Sviktande elevgrunnlag og tap av fleire yrkesfaglege studieretningar førte til at skulestaden i 2013 vart vedteke nedlagt, med virke frå 2015.

Fylkestinget i Oppland hadde eit ynskje om å endre skulestrukturen i Gudbrandsdalen og gjekk inn for å opprette eit tilbod på Dombås i staden for på Dovre. I desember 2015 vart det gjort eit vedtak om at Dombås skulle få eit treårig vidaregåande tilbod for studiespesialiserande fag.

Den vidaregåande skulen på Dombås er samlokalisert med Dovre ungdomsskule og Dovre kommune har vore byggherre for eit omfattande bygge - og rehabiliteringsprosjekt, med Oppland fylkeskommune som ein viktig støttespelar gjennom heile prosessen.

Prosjekteringsarbeida for det nye skuleanlegget starta i juli 2014, og  byggearbeidet i mai 2015.  Den vidaregåande skulen har mellom anna fått nye fine klasserom, studierom og kontor i ein nybygd fløy, og det har blitt gjort ei betydeleg oppgradering av det eksisterande anlegget, noko som har ført til at skulen står fram som moderne og funksjonell, med korte avstandar mellom dei ulike arenaene.

16 år etter at dei gamle gymnasklassane flytta ut av bygget og ned til Hjerleid, er den vidaregåande skulen no attende på staden.

Avdelingsleiar Dirk Wolf frå Otta var ein av snorklipparane da nyskulen på Dombås vart offisielt opna fredag 26. august 2016.

Avslutning ved avdeling Dombås

Fylkestinget i Innlandet vedtok at avdelinga på Dombås frå og med skuleåret 2024/2025 skulle leggjast ned. Denne avgjerda markerer slutten på ei lang og viktig historie med solid og kvalitetspreget vidaregåande opplæring i området.

Både Hjerleid og Dombås har gjennom mange år vore kjende for gode fagmiljø og eit sterkt engasjement for elevane sine lærings- og utviklingsmoglegheiter. 

Skulane har vore viktige institusjonar i lokalsamfunnet og har lagt grunnlag for både fagleg og personleg vekst hos mange generasjonar elevar.

Vi heidrar alle tilsette og elevar som har bidratt til dette arbeidet og den viktige innsatsen som har prega åra ved Hjerleid og Dombås.

Nord-Gudbrandsdal vgs. avd. Dombås - Klikk for stort bilete

Hjerleid

Hjerleids husflidskule kom i gang seinhaustes 1886 med undervisning i snikring, bøkkar- og skomakararbeid. Ved starten var det to undervisningsstader: Ulekleiv og Kyrkjekrinsen. 

I 1903 kom treskjeraropplæring til, og skulen starta med ei årleg utstilling av elevarbeid, kjent den dag i dag som ”Hjerleidutstillinga”.

Frå 1918 fekk skulen status som offentleg, fekk tilskott og kunne ta i mot utanbygds elevar òg. Dermed var drifta sikra for lang tid framover.

Hausten 1949 vart Fylkesyrkesskulen på Dovre etablert der avdeling Hjerleid ligg i dag. Minkande elevtal førte til at all undervisning vart samla her på 50-talet. I 1959 vart Fylkesyrkesskulen og Hjerleids Husflidsskule samordna med felles styre og administrasjon.

I 1972 vart det oppretta gymnasklassar på Dombås som filialklassar under gymnaset på Vinstra. Frå 1977 vart desse klassane slått saman med yrkesskulen på Dovre og fekk namnet Hjerleid vidaregåande skule. 

Hausten 2000 var arbeidet med ombygging av skulen på Dovre ferdig, slik at også allmennfag kunne flyttast dit.

Hjerleid - Klikk for stort bilete

Klones

Da Nord-Gudbrandsdal landbruks- og husmorskule vart etablert på den gamle storgarden Klones i 1919, hadde det alt lenge eksistert ein ambulerande landbruksskule med jentekurs i husstell og handarbeid i norddalen. Tilbodet var etterspurt, og skulen hadde ei aukande søkjarmasse gjennom heile mellomkrigstida.

Men strukturendringer i landbruket førte til nedgang i søkjartala på 50- og 60-talet. Allereie i 1962 kom eit framlegg om å leggje ned skulen, men det endte i staden med at skulen vart styrka med eit utdanningstilbod innanfor utmarksnæring. Frå 1977 fekk også Klones status som vidaregåande skule.

Trass i utbyggingar og andre positive tiltak i åra som fulgte, let nedgangen seg ikkje snu, og det var ein sterkt svekka skule som til slutt vart slått saman med dei andre vidaregåande skulestadene i Nord-Gudbrandsdal.

Klones - Klikk for stort bilete

Lom

I forbindelse med de store strukturendringene i norsk skole ble det vedtatt å opprette gymnasklasser i Lom i 1972. Dette var starten på videregående utdanning i området og et viktig tilbud for ungdom i Ottadalen.

Tre år senere, i 1975, ble det etablert en linje for byggfag, som holdt til i lokalene til GIAX i Lom. Disse tilbudene ble samlet i Lom videregående skole i 1977.

Skolen har gjennom hele sin historie hatt en stabil elevtilgang fra hele Ottadalen, og har vært en viktig utdanningsinstitusjon for regionen.

Byggfag Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom - Klikk for stort bilete

Studiespesialiseringstilbudet flyttet hausten 2013 inn i nye, flotte undervisningslokaler i Utgard, som også huser kulturstua med scene og sal. Utgard regnes som storstua i Lom og er et samlingspunkt for både kultur- og idrettsarrangement.

Skoleåret 2024/2025 hadde avdelingen rundt 100 elever.

Skolen har tilbudt følgende studieretninger:

Vg1: Bygg- og anleggsteknikk, Studiespesialisering

Vg2: Realfag, Språk, samfunnsfag og økonomi, Tømrer

Vg3: Realfag, Språk, samfunnsfag og økonomi

Utgard  - Klikk for stort bilete

Avslutning av avdeling Lom

Høsten 2024 foreslo fylkesting i Innlandet å legge ned Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom. Forslaget førte til stor motstand, og mer enn tusen demonstranter samlet seg på Hamar for å protestere mot nedleggelsen.

I fylkestingsmøtet den 23. oktober 2024 ble det vedtatt at avdeling Lom skal legges ned etter skoleåret 2024/2025, noe som markerer slutten på en viktig epoke for videregående opplæring i Lom.

Skulen i Lom har gjennom mange år vært kjent for høg fagleg kvalitet og eit godt læringsmiljø. Skolen har hatt dyktige og engasjerte tilsette som har gjort ein uvurderleg innsats for elevane og lokalsamfunnet. Vi heidrar alle tilsette og elevar som har bidrege til dette arbeidet, og den viktige innsatsen som har prega åra ved Lom. Deira engasjement og dedikasjon har vore med på å bygge eit sterkt og inkluderande skulemiljø som har gitt mange unge eit godt grunnlag for vidare utdanning og framtid.

Otta

Forløparen til den vidaregåande skulen på Otta er den lokale handelsskulen, Haugens handelsskole, som kan førast attende til 1940-talet. Olav N. Haugen var rektor frå skulen starta og fram til 1983. 

Frå 1970 vart det starta forsøksverksemd med ein- og toårig grunnkurs for handel og kontor på den lokale handelsskulen. Namnet på skulen vart Gudbrandsdal yrkesskole for handel og kontor.

I 1972 vart det etablert gymnasklassar her som på Dombås. Skulen heldt denne tida til i leigde lokale rundt omkring på Otta, og buss frakta elevar mellom skulelokala i alle friminutt. I 1978 vart det så gjort vedtak om å bygge eit nytt, kombinert skuleanlegg i Øya-området. Innflytting i nybygget skjedde i februar 1981.

Johan Storm Munch var rektor ved skulen frå 1983 til 1990. Dette var ein kraftig ekspansjonsperiode: Skulen fekk fleire nye liner/studieretningar, mellom anna idrettsfag, helse- og sosialfag, frisørfag. Skulen var på sitt største i 1989 med 615 elevar.

Ole-Petter Hansen overtok som rektor i 1990. Utover i 90-åra var det eit aktivt utviklingsarbeid ved skulen. Som eit resultat av det vart skulen utpeikt som nasjonal demonstrasjonsskule for perioden 2003–2005.

Otta videregående skole - Klikk for stort bilete

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

I 2004 vedtok Oppland fylkeskommune å slå saman skulane i Norddalen. Otta, Hjerleid, Klones og Lom vart avdelingar under den nye Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. 

Ole-Petter Hansen vart rektor for den samanslåtte skulen. Frå nyttår 2014 tok Kristin Undseth over roret.

Hausten 2004 var det slutt på treskjerarutdanninga ved Hjerleid. Fylkeskommunene har sidan bidratt til at undervisninga blir vidareført av Handverksskulen, ein friskule oppretta av Senter for bygdekultur.

Klones sleit med låge søkjartal og høge driftsutgifter. Etter ein lang dragkamp vart avdelinga lagt ned og landbruksutdanninga flytta til Otta. Etter to forsøksår vart tilbodet lagt ned for godt.

Skuleåret 2009/2010 vart avdeling Otta totalrenovert. Hausten 2010 flytta elevar og tilsette inn i ein ombygd, moderne skule. Gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Sel kommune vart det òg bygd ein topp moderne kultursal som ein del av skulen.

Hausten 2013 var det avdeling Lom som kunne flytte inn i "Utgard", splitter nye lokale knytt til eit nytt kulturhus og fleirbrukshus i Lom. 

I januar 2015 vart det nye klima- og energilaboratoriet offisielt opna i eit nytt tilbygg på Otta. Dermed har skulen fått det vi liker å kalle "Noregs beste naturfagrom".

Hausten 2016 opna nye avdeling Dombås samlokalisert med Dovre ungdomsskule. 

Ny tid for Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Skuleåret 2024/2025 vart det ikkje sett i gang tilbod ved avdeling Dombås. I fylkestingsmøtet 23. oktober 2024 vart det vedteke at både avdeling Lom og avdeling Dombås skal leggjast ned, noko som markerer slutten på ei viktig æra for vidaregåande opplæring i Lom og på Dombås/Dovre. Siste skuleåret for avdeling Lom var 2024/2025.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule går no inn i ei ny tid, der vi held fram med den høge kvaliteten i eit samla og sterkt utdanningstilbod, no berre lokalisert på Otta. Skulen skal framleis gi elevane gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling, og ruste dei for vidare utdanning, arbeidsliv og aktiv deltaking i samfunnet – både lokalt og globalt.

Otta Kulturhus og Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Klikk for stort bilete