Klima- og energilaboratoriet – Klimalab – på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er fullspekka med teknologisk utstyr som gjer det unikt i skulesamanheng i Noreg.
Laboratoriet er plassert på avdeling Otta. Formålet er å gje elevar i vidaregåande skule auka kunnskap om klima- og energispørsmål, og dermed større medvit om dei store utfordringane vi står overfor lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt på dette området.
Klimalab skal vere eit framtidsretta klasserom innanfor natur- og realfag, men òg eit nasjonalt opplevingsrom og ein kunnskapsbase for skuleklassar, fagpersonar og avgjerdstakarar innanfor klima, energi og naturfag.