Miljøfyrtårn

Skulen er sertifisert som miljøfyrtårn. Sertifiseringa betyr at skulen har forplikta seg til å vere so miljøvennleg som mogeleg.

Sortere avfall

Alle skal sortere søppel i avfallsdunkane som er tilgjengelege. Mellom anne skal papir, papir, plast, glas og restavfall sorterast. Stasjonar for kjeldesortering skal vere lett tilgjengeleg i gangar og fellesområde.

Skulen har plikt til å opprette stoffkartotek for helsefarlege kjemikalie. Dei ansvarlege for undervisninga for programfaga skal vere kjend med dei bransjespesifikke kriteriesett for sitt programfag (for eksempel frisør, bilverkstad etc.) 

Redusere avfall

Miljøfyrtårnskular skal forsøke å redusere mengdene med avfall. Vi skal nytte arka på begge sider. Vi oppfordrar alle til å nytte matboks og minst mogeleg eingongsemballasje.

Kantina skal redusere matavfallet mest mogeleg. Det same gjeld for utdanningsområdet restaurant- og matfag, på dei skulane som tilbyr det. Ved innkjøp av mat skal økologiske varer og kortreist mat prioriterast.

Redusere energiforbruket

Miljøfyrtårnskular har forplikta seg til å redusere energiforbruket. Forbruk av vatn skal målast månadleg eller oftare. Når skulen byggast om, skal det investerast i moderne varme- og ventilasjonsanlegg.

I størst mogeleg grad skal vi reise kollektivt eller bruke sykkel til og frå skulen, og skulen skal legge til rette for sykkelparkering. 

Miljøomsyn i innkjøp

Miljøfyrtårnskular skal ta miljøomsyn i innkjøp av varer og tenester. Vi skal sjå etter miljømerking ved innkjøp. Skulen skal bruke el-bilar som køyretøy so langt det er mogeleg.

Når vi leige inn eksterne entreprenørar skal vi etterspørje miljøsertifisering. Vi vil difor oppfordre alle samarbeidspartnarane våre til å bli miljøsertifisert.

Klima- og miljørapport

Årleg klima- og miljørapport er tilgjengeleg på førespurnad.