Utdeling av jod-tablettar

Om det oppstår ei atomhending, vil elevar under 18 år få delt ut jod-tablettar på skulen. Tablettane blir berre delt ut dersom Kriseutvalget for atomberedskap gir råd om det.

Kriseutvalet for atomberedskap tilrår at alle kommunar har jod-tablettar tilgjengelege. Kommunane distribuerer tablettane til skulane. 

Kommunar med vidaregåande skular har ansvar for å distribuere jod-tablettar til alle elevar under 18 år sjølv om elevane bur i andre kommunar. 

Sannsynlegvis ikkje behov

Noreg har god atomberedskap og vi er godt førebudde dersom det skulle kome utslepp av radioaktive stoff i Ukraina eller andre stader.

Om det skulle oppstå eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, og vinden blæs mot Noreg, vil det ikkje føre til akutt fare for folk i Noreg. Avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit. 

Kjelde: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (dsa.no)

Kriseutvalet for atomberedskap bestemmer

Tablettane skal berre nyttast dersom Kriseutvalget for atomberedskap gir råd om det, og berre på det tidspunktet og i den doseringa som blir tilrådd.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har meir informasjon om jod-tablettar ved atomulykker.

Blir oppbevart på skulen

Helsestyresmaktene tilrår at jod-tablettane blir oppbevart på skulane der elevane oppheld seg på dagtid. Då er tablettane tilgjengelege dersom det skjer ei hending med forventa radioaktivt nedfall i opningstida til skulen.

Til elevar under 18 år

Alle elevar under 18 år vil få delt ut tablettar på skulen dersom det blir behov. Det er forventa at elevar over 18 år sørger for jod-tablettar sjølve.

Elevar under 16 år må ha samtykke

For elevar under 16 år treng skulen føresette sitt samtykke til å kunne dele ut jod-tablettar ved ei eventuell kjernefysisk ulykke, i tråd med nasjonale styresmakter sine råd.

Samtykkeskjema

Samtykke til utlevering av jod-tablettar for barn under 16 år (PDF, 44 kB)

Samtykkeskjemaet blir sletta når eleven har fylt 16 år.

Kva kan du gjere for å verne deg ved ei atomulykke?

Styresmaktene kan gi råd eller pålegg om tiltak som du bør følge ved ei eventuell atomulykke:

Hald deg innandørs

Lukk dører, vindauge og luftekanalar, steng av ventilasjonen. Varmepumper kan vere på.

Innandørsopphald vil normalt ha kort varigheit og ikkje utover to døgn. Innandørsopphald reduserer kor mykje stråling du blir utsett for. Det hindrar òg at du pustar inn radioaktiv forureining eller får det på kroppen.

Ta jod-tablettar berre dersom styresmaktene gir råd om det

Kjøp jod-tablettar på apoteket for lagring heime. Gjer dette før ei ulykke skjer, slik at du har dei tilgjengeleg.

Jod-tablettar skal du berre ta etter råd frå styresmaktene, og det vil berre vere nødvendig for barn under 18 år, vaksne 18–40 år, gravide og ammande. Tablettane vernar mot kreft i skjoldbruskkjertelen.

Dusj om du har fått radioaktiv forureining på deg

Vask deg med såpe utan å skrape opp huda. Bruk sjampo, men ikkje balsam som kan feste forureininga til håret.
Vask klede i maskina som normalt. Tørk av skoa med ei fuktig fille og kast filla etterpå. 

Følg kosthaldsråd

Styresmaktene kan gi råd om å unngå mat og drikke som ikkje er kontrollert av styresmaktene. Dette gjeld til dømes frukt og grønsaker frå eigen hage og vatn frå sisterne, og dessutan mat som du sankar sjølv som vilt, ferskvassfisk, sopp og bær.

Mat kjøpt i butikk og drikkevatn i springen er trygt.

Respekter føresegnene til styresmaktene om avsperringar, reinsing eller evakuering

Følg med på radio, tv eller internett for å få oppdatert informasjon om råda frå styresmaktene.

Les meir om råda på dsa.no/atomberedskap 
Kjelde: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (dsa.no)