Skulebevis

Som elev i Innlandet har du digitalt skulebevis i mobil-appen «Min InSchool». 

Last ned appen

Gå til App Store eller Google Play og last ned appen "Min InSchool".

Når du er innlogga, trykker du på ikonet for Digitalt skulebevis for å vise skulebeviset ditt.

Bilde

Skulebeviset må innehalde bilde for at det skal vere gyldig. 

Bildet på skulebeviset er det same som profilbildet ditt i InSchool. Alle nye elevar blir fotograferte ved skulestart, og skulen legg inn bildet i InSchool. Du får beskjed om når det er fotografering.

Kva kan du bruke skulebeviset til?

Skulebeviset dokumenterer at du er elev ved ein offentleg vidaregånde skule i Innlandet fylkeskommune. Du kan bruke det til:

  • legitimasjon på eksamen
  • bevis for å få studentrabatt
    Det er opp til den enkelte aktør om dei tilbyr studentrabatt og om dei aksepterer skulebevis som legitimasjon. 
  • «lånekort» på skulebiblioteket på enkelte skular

Kor lenge har du skulebeviset? 

Du har digitalt skulebevis så lenge du er elev ved ein offentleg vidaregåande skule i Innlandet. 

Viss du slutter på skulen midt i skuleåret, vil ikkje skulebeviset vere aktivt lenger.