Kantina er ein triveleg samlingsstad for elevar og tilsette.
Avdeling Lom har ei fin og koseleg kantine. Vi tilbyr mat og drikke, frukt og mykje anna godt. Her kan du også slappe av med di eiga matpakke. Dette vil gje deg meir energi i hektiske kvardagar. Kantina er populær blant elevane og ikkje minst er ho ein sosial møteplass som skapar trivsel og bidreg til eit godt læringsmiljø.
Opningstider
Måndag–fredag kl. 09.00–11.45.
Elevane får frukost eit par gonger i veka.
Meny
Du får forsyne deg med påsmurde brødskiver med brød bakt på Bakeriet, kald og varm drikke, frukt, yoghurt, og litt forskjellig.
På fredagar har vi noko ekstra godt til kaffen, som for eksempel svele eller muffins.
Ansvarleg for kantina er Snøfrid Kvålshagen tlf. 488 65 354